Hopp til innhald

Fagstoff

Platetilarbeiding

Dei fleste platetypar eignar seg godt for bøying, knekking og valsing. Når materiale får ei varig formendring på denne måten, er det ein plastisk deformasjon av materialet. Det er ulike typar av maskinar som blir brukte til knekking, bøying, valsing av plater, røyr og profilar.
Tynn stålplate legges i knekkemaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Knekking

Det finst knekkjemaskinar som blir betente manuelt, og som er utstyrte med motor. I moderne knekkjemaskinar og kantpresser blir arbeidet gjort raskt og nøyaktig. Det finst både manuelle kantpresser og maskinar som er datastyrte (CNC-styrte kantpresser) som blir meir og meir vanlege i industrien. Fordelen med bruk av datastyrte tilarbeidings­maskinar er at oppgitt bøyevinkel, bøyeradius med vidare som regel blir meir nøyaktig.

Prinsippet til ein knekkjemaskin

Prinsipp for knekkemaskin. Teikning.
  1. overvangen
  2. undervangen
  3. skjener som kan skiftast
  4. plata som skal knekkjast
  5. bøyevangen

Bøyevangen

Bøyevangen må stillast inn etter platetjukna som skal knekkjast. Innstillinga skjer ved at vi senkar eller hevar bøyevangen. Hugs at bøyevangen skal senkast like mykje som platetjukna + 0,2 mm + aktuell bøyeradius. Det er overvangen og bøyevangen som fester platene. Bøyevangen pressar plata oppover til den bøyevinkelen vi ønskjer.

Kantpresser

Desse maskinane blir brukte på tjukke plater der det er kravd større krefter for å utføre aktuelle operasjonar. Det finst kantpresser som er manuelle og CNC-styrte. I moderne industribedrifter blir ofte CNC-styrte kantpres­ser kombinerte med robotar.

Stemplet og dyna har forskjellig utforming. Det er viktig at du vel rett stempel og dyne for dei aktuelle arbeidsoppgåvene. Når du arbeider med tilarbeidingsmaski­nar for plater, er det viktig at du følgjer alle vernetiltak.

Bøyeradius

Når du skal valse, bøye eller knekkje eit materiale, er det viktig å klarleggje bøyeradiusen. Det er klare reglar for kva bøyeradius vi kan bruke på ulike typar av plater og profilar. Er radien for liten, blir materialet "rive" og skadd i bøyesona.

Vi vel bøyeradiusen etter desse faktorane:

  • korleis materialet er legert
  • om materialet er herda eller glødd
  • platetjukna

Når du bøyer ei plate eller ein profil, vil materiale som ligg på det ytre sjiktet frå midtlinja, bli strekt, og det som ligg på innsida av midtlinja, vil stu­kast saman. Når vi bøyer ei plate, vil tjukna bli redusert med frå 10 til 15 prosent i bøyesona. Det nøytrale sjiktet til ulike plater, røyr og profilar finn du i tabellar frå stålleverandøren.

Valselengd

Når vi skal framstille ulike detaljar der vi skal utføre ulike bøyar, må vi rekne ut kor langt emnet skal vere før vi startar med sjølve bøyeoperasjo­nane. Når vi skal rekne lengda av valseemnet, må vi multi­plisere 3,14 med midtdiameteren til sirkelen.

I 90 gradar vil det gå med meir materiale enn om vi utfører bøyen med ein radius. Av denne grunnen må vi gjere fråtrekk når vi bøyer med ra­dius. Hugs at vi går ut frå midtlinja når vi skal rekne ut nødvendig platelengd. For ein bøy på 90 gradar er fråtrekket bøyeradien (r) + plate­tjukna (t).

Platevalsing

Valsing av plater og profilar er ein av dei vanlegaste tilarbeidingsmetodane vi har. Når vi utfører valsing av plater og profilar, utfører vi ein plastisk deforma­sjon av materialet, slik at materialet får ei varig formendring. Vi kan valse til ein sylinder eller bøye ei plate til ein bestemt vinkelmål.

Det finst valsar i forskjellige størrelsar. Kapasiteten til ein vals måler vi ut frå kor breie og tjukke plater som kan valsast. Moderne valsar er CNC-styrte.

Uansett kva platetilarbeidingsmaskin du skal bruke, er det nødvendig med kunnskapar om og ferdigheiter i både korleis maskinen skal betenast, og kva eigenskapar det materialet du skal tilarbeide, har.

Som nemnt tidlegare får materialet etter at valseprosessen er utført, ein varig deformasjon. Midtlinja midt i plata blir uendra. Alt materiale som ligg på utsida av midtlinja, blir strekt, og det som ligg på innsida av midtlinja, blir pressa saman. På plater ligg midtlinja i midten av platetjukna.

Når vi valsar, skil vi mellom følgjande:

  • Du køyrer plata fram og tilbake, for kvar fram- og tilbakekøyring etter­strammar du bøyevalsen.
  • Du kan òg køyre plata berre ein veg utan at du køyrer ho i retur. Bakdelen med denne metoden er at plata må takast ut av valsen og snuast.

Skal du bruke den første måten å valse på, er det viktig at du køyrer så mange fram- og tilbaketurar at du får ei nøyaktig sylin­derform på det ferdige produktet. Ein erfaren maskinoperatør veit nøyaktig korleis denne prosessen skal skje.

Skal du valse ein sylinder utan å førebøye plata, vil endane bli rette. Kor langt det partiet du skal førebøye, må vere, avheng av diameteren på sylinderen. Sjølve førebøyinga kan du gjere ved hjelp av ein knekkjemaskin eller ved å bruke ei sleggje eller hydrauliske presser.

Dersom plata er tjukk, bruk denne prosedyren:

  • Mål og merk opp rett lengd på valseemnet.
  • Legg til nødvendig materiallengd for å få valsa endane til rett bøyera­dius. Bruk då valsemal for å sjekke bøyeradiusen.
  • Skjer plata tett inntil dei oppmerkte linjene (rett emnelengd).
  • Vals ferdig den sylindriske detaljen ved hjelp av fleire fram- og tilbakekøyringar.
CC BY-SARettshavar: Industriskolen
Sist fagleg oppdatert 30.07.2018

Læringsressursar

Metall