Arbeid i laboratorium

Undersøkingar, eksperiment og observasjonar er grunnlaget for hypotesar og teoriar i biologi. Laboratoria, ved sidan av naturen sjølv, er staden der mykje av den systematiske leitinga etter kunnskap og samanhengar skjer. Det er spennande å arbeide i eit laboratorium, men det kan òg vere farleg. Med godt førearbeid blir du tryggare, arbeidet blir mykje meir morosamt, og det faglege utbyttet blir større.
eForelesing om tryggleiken i laboratoriet.Forfatter: Einar Berg, Kristin Bøhle, Bjørg E. B. Aurebekk, Elin Albertsen, Frøydis Hamre
Leverandør: Amendor AS
eForelesing om tryggingsdatablad.Forfatter: Einar Berg, Kristin Bøhle, Elin Albertsen
Leverandør: Amendor
eForelesing om labøvingar.Forfatter: Kristin Bøhle
Leverandør: Amendor
Redaksjonelt: Einar Berg
Eksempel på ordensreglar.Opphavsmann: Kristin Bøhle
Arbeid i sterilbenk. Enkelte biologiforsøk, som dyrking av cellekulturar, krev høg grad av reinslegheit. Då kan slike sterilbenkar brukast for å gi godt vern av produktet.Opphavsmann: Kristin Bøhle
For å jobbe sikkert med organiske løysemiddel treng vi avtrekksskap eller punktavsug.Fotograf: Kristin Bøhle
Syrefaste hanskar vernar mot etsande væsker.
Fotograf: Kristin Bøhle
Laboratoriet – rom for forsking
Somme kjenner kor det kriblar av nysgjerrigheit når dei kjem inn i eit laboratorium, mens andre føler seg usikre fordi det er så mykje å setje seg inn i, strenge krav til å vere nøyaktig og mange farar som lurer. Når du blir kjend med utstyret og veit korleis det skal behandlast, er det både moro og interessant å jobbe på
Jordprøvar blir analyserte etter feltarbeid.
Fotograf: Kristin Bøhlelaboratoriet. I tillegg er det mange som opplever at lærestoffet blir lettare å forstå når dei får prøvd ut teoriar i praksis. Ein viktig del av den kunnskapsbygginga som skjer på laben, blir gjord ved å verifisere (stadfeste) resultat frå forsøk som andre har gjort tidlegare.
Før du set i gang forsøket
Uansett om du har ei ferdig beskriving av forsøket som skal gjerast, eller om det er eit ope forsøk som du sjølv har planlagt, må du tenkje gjennom desse punkta før du startar prosedyren.
- Har du det utstyret og dei kjemikalia som trengst?
- Må du arbeide i avtrekksskap (produktvern) eller sterilbenk (produktvern)?
- Set deg inn i bruken av utstyret viss du ikkje kan det frå før.
- Les datablad for dei kjemikalia du skal bruke.
- Tidsplan: Har du nok tid til å fullføre forsøket?
- Viss ikkje må du finne ut etter kva trinn du kan stoppe, og kor lenge forsøket kan lagrast før du fullfører det.
- Kvar kan du mellomlagre det uferdige forsøket ditt? Må du ta omsyn til lys og temperatur under lagringa?
- Korleis vil du dokumentere resultata i rapporten?
- Kanskje du skal setje måleresultata inn i tabellar og framstille grafar.
- Du kan òg dokumentere metode og resultat med foto og film. Viss du skal fotografere gjennom okularet til ei lupe eller eit mikroskop, kan det vere lurt å gjere klar ei hylse (for eksempel ein dorull) som avstandshaldar og hjelp til stødig fokusering.
Laboratoriereglar
Kjennskap til tryggingsreglar, gode arbeidsrutinar og ordensreglar (sjå plakat til høgre) er ein føresetnad for å kunne arbeide i eit laboratorium. Spesielt gjeld dette på skolelaboratorium der det er mange brukarar i løpet av ei veke. Viss ordensreglane ikkje blir følgde, blir det veldig raskt ein rotete og upraktisk arbeidsplass.
For å kunne jobbe effektivt og få pålitelege resultat er det nødvendig at alt utstyr finst på den faste plassen sin, at kjemikalium er reine og riktig merkte, og at utstyret er godt reingjort og i orden.
eForelesingar
NDLA har utvikla tre eForelesingar som saman med skolereglane skal lære deg å
- velje verneutstyr
- førebyggje farlege situasjonar
- bruke gode arbeidsrutinar
- gjennomføre førstehjelp ved skadar
- halde orden i laboratoriet
Tryggleik – generelle tryggingsreglar
Det er somme grunnreglar som er viktige å passe på for å unngå skadar:
- Les datablad, og gjer deg kjend med eigenskapane til dei kjemiske stoffa som du skal jobbe med. Ver spesielt merksam på helseskade og brann- eller eksplosjonsfare!
- Bruk avtrekk, vernebriller og hanskar når det er påkravd.
- Ikkje tøm syre i vatn.
“Vatn i syre er uhyre – syre i vatn går an”. (SIV) - Ver forsiktig når du handterer glasrøyr og korkar, for å unngå stikkskadar.
- Unngå støytkoking, og ikkje peik reagensrøyr mot nokon når du koker.
- Unngå eting og drikking på laboratoriet.
- Gassar og kjemikalium må oppbevarast slik forskrifta krev (sjå datablada). Det vil seie at enkelte kjemikalium må oppbevarast separat, i eksplosjonssikre skap eller i skap med avtrekk.
