Hopp til innhald

Fagstoff

Kjøp og sal av energi

Her ser vi på korleis "energibørsen" fungerer i Noreg og i samarbeid med resten av Europa. Vi ser og litt på statistikk, og på korleis straumrekninga er bygd opp.
Kraftledninger over ein snødekt granskog. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Energibørsen

Tre personer står ved dataskjermer.

Kraftmarknaden, når det gjeld kjøp og sal, er organisert omtrent på same måten som ein vanleg børs. Produksjon, tilgang og etterspørsel er element som påverkar og bestemmer prisen på kjøp og sal av elektrisk kraft i Noreg og resten av verda. Her er det Nord Pool som dannar grunnlaget for prisen på ein MWt (Megawattime). Med utgangspunkt i dette blir kraft kjøpt og seld på den internasjonale marknaden.

Nord Pool måler aktivitet av elkraft-distribusjon i Skandinavia, Baltikum, Tyskland og Nederland.  Illustrasjon.

I Skandinavia har vi distribusjon mellom Noreg, Sverige, Danmark og Finland. Det foregår óg distribusjon med Baltikum (Estland, Latvia og Litauen), samt Tyskland og Nederland. På kartet kan du sjå at Noreg er inndelt i 5 soner, medan Sverige er delt inn i 4. Dei andre landa har ikkje soneinndeling. Nord Pool måler aktiviteten mellom dei ulike sonene/landa, time-for-time:

  • Kraftprisar (typisk i norske kroner og euro).
  • Kapasitet i MWt (Megawattime).
  • Antakelsar for neste dags flyt i markedet.

Statistikk

Det er mange organisasjonar, regjeringar og andre som er opptekne av elektrisk kraftproduksjon, forbruk og miljø. Dette gjeld både i Noreg og resten av verda.

  • Statistisk sentralbyrå (SSB) fører statistikk på det aller meste i Noreg, også kraftproduksjon og forbruk.
  • The International Energy Agency (IEA) er ein multinasjonal organisasjon som jobbar med å samle inn, informere og gi medlemslanda råd i energispørsmål, og Noreg er eit av medlemslanda. IEA blei danna under "oljekrisa" i byrjinga av 1970-åra.
  • I Noreg er det NVE som held oversikta i kraftmarknaden.

IEA utgir kvart år ei oversikt over "tingenes tilstand" når det gjeld energi på verdsbasis. Denne oversikta blir kalla "World Energy Outlook" (WEO). Her finn du også ei lenkje til pdf-utgåva frå 2009.

EUs energibyrå Acer

I mars 2018 vedtok stortinget at Noreg skulle bli tilknytta Acer. Dette eit byrå som ble oppretta av EU i 2009, der førermålet var å opprette ei felles handtering av distribusjon av straum og gass i Europa. Sida Noreg ikkje er medlem av EU har vi ingen stemmerett i Acer, men vi er forplikta ei tilknytting gjennom EØS-avtalen.

Acer har 3 store oppgåver:

  1. Bidra til harmonisering av teknisk regelverk (nettverkskodar og retningsliner).
  2. Føre tilsyn med energimarknader.
  3. Tilrettelegge for utbyggjing av nytt straum- og gassnett, inkludert mellomlandsforbindelsar.

Kva er Acer (nyheitsklipp frå nrk.no)

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2018

Læringsressursar

Kraftdistribusjon