Hopp til innhald

Fagstoff

Avviksbehandling

Med avvik meiner vi at produktet/tenesta/oppgåva ikkje er blitt slik som vi hadde planlagt eller spesifisert det.
Fingre som skriv med penn på papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Internrutinar

Alle bedriftar har internrutinar, og der blir ofte avvik behandla. Eksempel på dette kan vere:

"Alle som oppdager avvik i produksjonen eller avvik fra denne prosedyren, plikter å melde fra enten ved å skrive avviksrapport eller gi beskjed til nærmeste overordnede [...]"

Når vi har oppdaga eit avvik, følgjer vi denne prosedyren:

  • Kva er årsaka til avviket?
  • Kva skal vi gjere no: reparere, kaste eller stoppe all produksjon?
  • Kva må vi gjere for at dette avviket (denne feilen) ikkje skal oppstå i framtida?
  • Kva var kostnadene med avviket?

Avvikshandtering er eit svært viktig element i kvalitetssikringa då denne brukt systematisk vil redusere avvik (feil) og såleis redusere avvikskostnadene. Produktiviteten aukar. Eit resultat er òg at produktet blir betre over tid og meir konkurransekraftig i marknaden.

Eksempel på tabell for avviksrapport

Mål

Ferdige mål

Mål i følge teikning

Tillatt avvik ifølge ISO
2768-1 Middels

Mitt avvik

A

B

C

D

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2018

Læringsressursar

Kvalitetsarbeid