Oppgåve
Øvingsoppgåver – Medisinsk bruk av bioteknologi
Publisert: 28.08.2010 (00:07)
Desse oppgåvene krev at du hentar inn opplysningar og arbeider med stoffet.
Potensiell bruk av stamceller og genterapi
Opphavsmann: Mikael Häggström
Mulige bruk av pluripotente stamceller.
Opphavsmann: National Institutes of Health
- Kvifor blir ikkje stamceller brukte meir til medisinsk behandling enn det som blir gjort i dag?
- Korleis kan kloning brukast til å gi betre helse for menneske?
- Gentestar blir brukte både til identifisering og diagnostikk. Skriv ned moglege fordelar og ulemper som du meiner at desse metodane gir oss.
- Forsking innanfor bioteknologi gir stadig nye og oppsiktsvekkjande resultat. Ei ”sanning” treng ikkje vare lenge.
Leit på Internett, i aviser eller tidsskrift.
- Finn ein diskusjon som handlar om bioteknologi. Vurder påstandane til deltakarane. Baserer dei synspunkta og argumenta sine på fakta?
- Skriv ein blogg om den nye kunnskapen, og drøft moglegheitene som han gir – sett frå ditt perspektiv.
- Finn ei nyheit om bioteknologi. Det kan for eksempel vere ny kunnskap om gen eller resultat frå utprøving av ei behandlingsform. Set deg inn i saka, og presenter nyheita munnleg for resten av klassen eller i ein blogg.
- Tenk ut ei ny behandlingsform der ein utnyttar bioteknologi til å betre helse. Bruk kreativiteten din! Kva kunne du, som forskar om ti år, tenkje deg å utvikle til det beste for menneskja?
Kompetansemål
Andre ressursar
Frå NyGiv
Nøkkelord
Inngår i
Oppgåver frå deling.ndla.no
Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve




