Retorikk: kunsten å overtyde
I have a dream that one day on the red hills of Georgia, the sons of former slaves and the sons of former slave owners will be able to sit down together at the table of brotherhood.
I have a dream that my four little children will one day live in a nation where they will not be judged by the color of their skin but by the content of their character.
I have a dream today!
Etos, logos og patos
Ei oppmoding til handling
Det er viktig å hugse på at dei retoriske grepa ikkje er noko mål i seg sjølv, berre eit middel til å nå det overordna målet: å overtyde mottakaren. Når Martin Luther King framkallar sinne, medkjensle eller dårleg samvit med talen sin, er ikkje målet at folk skal bli sinte, medkjennande eller tyngde av dårleg samvit, men at dei skal handle. Når reklamen bruker humor og får oss til å le, er målet å avvæpne oss slik at vi vert mottakelege for salsbodskapen og kjøper produktet. Patos, appellen til kjenslene, er heilt nødvendig i ein tekst som skal overtyde.
Erfaring og kunnskap styrkjer truverdet
Men det er ikkje berre patosgrepet som gjorde Martin Luther Kings tale verknadsfull. Som afroamerikanar kunne han framstå med truverde (etos) basert på eiga erfaring. Denne erfaringa bruker han også i talen. Vi fester større lit til personar som gir inntrykk av å vite kva dei snakkar om. Uttaler for eksempel foreldra dine seg skråsikkert om kor dyktig eller udyktig læraren din er, framstår dei kanskje ikkje som særleg truverdige i dine auge. Det er trass alt du som har erfaring med korleis læraren underviser, ikkje dei. Men dersom mor di sjølv er lærar, kan dette auke truverdet hennar fordi ho har ein profesjonell kunnskap om læraryrket. Sendaren styrkjer med andre ord sjansane sine til å overtyde dersom ho byggjer etoset sitt på både røynsle og kunnskap.
Tre måtar å overtyde på
- Etos: gjennom truverdet til talaren
- Logos: gjennom ei overtydande saksframstilling
- Patos: gjennom appellen til kjenslene
- étos: karakter (i dette tilfellet talarens karakter)
- lógos: ord, språkleg ytring
- pátos: sterk kjensle, sinnsrørsle
Planlegging
I avsnitta over har vi forsøkt å vise dei tre retoriske grepa som er verksame i ein tekst som skal overtyde. For å lykkast i å utvikle ein slik tekst, bør arbeidet med han skje i fleire steg, omtrent på same måten som når vi planlegg og gjer i stand eit større festmåltid for vennene våre: Vi finn ut kva slags høve vi vil invitere til, vi vurderer kva slags mat vi vil servere ut frå det vi veit om høvet og om vennene, vi vel ingrediensane med omtanke, vi legg arbeid i matlagingsprosessen, og til slutt presenterer vi rettane på ein appetittvekkjande måte. Vellykka middagar er eit resultat av planlegging og førebuing. Så også med talar. Heilt sidan antikken har arbeidsprosessen frå idé til ferdig tale vore delt inn slik:
Retorikkens disiplinar (delområde)
- Intellectio: tenkje over kva som er formålet med talen
- Inventio: utforske kva som skal seiast om det valde emnet
- Dispositio:ordne dei valde momenta
- Elocutio: forme desse som ein tekst
- Memoria: lære talen utanåt
- Actio: leggje arbeid i framføringa
- intelléctio: innsikt, forståing
- invéntio: det å finne ut (og å finne opp)
- disposítio: ordning
- elocútio: det å setje ord på noko; framstilling
- memória: minne
- áctio: handling
Med unntak av steg fem og seks kjenner du sikkert igjen fasane i skriveprosessen. Gode retoriske tekstar blir til ved systematisk arbeid med alle fasane. Målet er å skape ein tekst som inviterer lesaren eller lyttaren til å dele synspunkta dine. I denne artikkelen vil eg fokusere på tekstformingsfasen (elocutio). Målet er å gi deg nokre knaggar for eige tekstarbeid, og samtidig hjelp til å kunne gjere greie for retoriske verkemiddel i ein tekst.
Kva særmerkjer ein retorisk god tekst?
Du har vurdert kven du skal tale til, du har brukt denne kunnskapen til å velje innfallsvinklar og moment, og du har laga ei rekkjefølgje på momenta som det er lett for tilhøyrarane å følgje. Da er du godt i gang, du har lagt forholda til rette for at tilhøyrarane vil lytte med interesse. No må du arbeide med sjølve utforminga av teksten. Ifølgje dei klassiske retorikarane skal språket vere korrekt, klart, vakkert og tilpassa tale- eller skrivesituasjonen. Nokre gonger kan du sjølvsagt lykkast enda om du lèt vere å ta omsyn til desse krava. Men dét føreset at du har eit svært velvillig innstilt publikum. Møter du meir kritiske lesarar eller tilhøyrarar, vil bodskapen din neppe bestå den testen dei kjem til å utsetje han for. Og kor ofte veit du akkurat kva mottakarane dine meiner om ei sak?
Korrekt, klart og vakkert språk
Korrekt språk er feilfritt språk. Dei fleste tale- og skrivesituasjonane krev korrekt språkbruk. Feil og manglar vil svekkje truverdet ditt og gjere mottakarane skeptiske til bodskapen. Klart språk inneber å velje treffande og forståelege ord og uttrykk. Vakkert språk er noko vanskelegare å definere, men vi kan i alle fall seie at den vakre teksten helst viser mottakarane bodskapen gjennom bilete og eksempel. "Show, don't tell" er eit viktig grep i filmkunst fordi filmhistoria først og fremst vert fortald ved hjelp av bilete. Men også den verbale kommunikasjonen har sine biletlege verkemiddel som gjer at vi kan "sjå ting for oss".
I have a dream that one day, even the state of Mississippi, a desert sweltering with the heat of injustice, sweltering with the heat of oppression, will turn into an oasis of freedom and justice.
Bilete som taler
Det Martin Luther King gjer, er å vise tilhøyrarane talande bilete i staden for å seie direkte til dei at dei blir undertrykte. "Mississippi er ein ørken som vert kvelt av urettferdas hete" er eit slikt bilete, ein såkalla metafor. Tilhøyrarane kan lett førestelle seg den kvelande varmen, og biletet gjer eit mykje sterkare inntrykk på dei enn om King berre hadde sagt at Mississippi er ein uleveleg stad der urettferd rår.
Dei mest vellykka bileta skaper Luther King når han set dei opp i antitesar, det vil seie som kontrastar eller motsetningspar. Sjå for eksempel på dei parvise motsetningane i setninga "... a desert sweltering with the heat of injustice, sweltering with the heat of oppression, will turn into an oasis of freedom and justice." Dette verkar overtydande trass i den enkle argumentasjonen. For du vil vel heller leve i ein oase enn i ein ørken, og du vil vel heller ha fridom og rettferd enn urettferd og undertrykking?
Ein ørken som vert kvelt av urettferdas hete ...
Forfatter: Luca Galuzzi
Rytme og klang
- "Mississippi is a desert sweltering ... injustice and oppression ..."
- "... judged by the color of their skin, but by the content of their character."
Tilpassing til tale- eller skrivesituasjonen
Patos – det sterkaste grepet
Dei fire klassiske krava til den språklege utforminga av talen
- Korrekt språk: idiomatisk riktig og etter reglane
- Klart språk: eintydig og forståeleg
- Vakkert språk: variert og tiltalande
- Formålstenleg språk: tilpassa taleren, emnet, mottakarane og situasjonen
- Dei fire klassiske krava til den språklege utforminga av talen vart også kalla virtútes dicéndi, det vil seie "dei gode eigenskapane (virtutes) til ein tale (dicendi)".
- Korrekt språk vart kalla sérmo púrus, det vil seie "den reine talen".
- Klart språk vart omtalt som perspicúitas, "gjennomsiktigheit, klarleik".
- Vakkert språk var ornátus, "pynten" – utan at det vakre vart sett på som overflatisk!
- Formålstenleg språk var áptum, "det som passar (seg)".
Aksentane viser deg kvar i ordet du skal leggje trykket. Bokstaven c uttaler du k, slik romarane gjorde for to tusen år sidan.
Kva kan kunnskap om retorikk brukast til?
Talent skil seg frå kompetanse ved at dugleiken er medfødt, det vil si ikkje innlært. At Martin Luther King hadde eit spesielt talent for å tale, er heva over all tvil. Ikkje alle føler dei har eit slikt talent. Det gjeld kanskje også deg sjølv. Men alle kan satse på å utvikle større retorisk kompetanse gjennom arbeidet med tekstar, både skriftlege og munnlege. Det gjer du først og fremst ved å ta bevisste språklege val når du utformar teksten. Ein velformulert tekst vekkjer velvilje hos mottakaren og byggjer opp truverdet ditt. Viser du i tillegg god kunnskap om emnet, kan du tillate deg å prøve å dra mottakaren i di retning. Det er sagt at ein god retorisk tekst "inviterer lesaren opp til dans". Ein slik tekst inviterer til dialog og samspel. Deltek lesaren i dialog med teksten din, er ho langt på veg i ferd med å gjere bodskapen din til sin eigen.
Eide, Tormod (1990) Retorisk leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.
Kjeldsen, Jens E. (2004) Retorikk i vår tid. En innføring i moderne retorisk teori.
Oslo: Spartacus forlag.
Askeland, Norunn, Hildegunn Otnes, Dagrun Skjelbred m.fl.(1996) Tekst i tale og skrift. Innføring i tekstarbeid. Oslo: Universitetsforlaget.
Jensen, Leif Becker (1987) Du af elfenbenstårnet – fortælleteknik for fagfolk der vil skrive en god historie. København: Gyldendal.
