Hopp til innhald

Fagstoff

Lager

Eit lager er eit maskinelement som støttar opp akslar og gjer at akslane kan bevege seg med minst mogleg friksjon.
Vindturbin med planetarisk lagre for to-trinns planetgir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lagra tek opp krefter som verkar på akslane, og held akslane på plass i ei bestemt stilling. Lagra er bygde inn i maskinhuset, slik at kreftene blir leidde vidare. Lagra blir ofte monterte på avsatsar eller tappar på akslane.

Kulelager

Sporkulelager er svært nyttige, sjølvberande lager med massive ytterringar, innerringar og kulekransar. Desse enkelt oppbygdeprodukta som i drift er ufølsame og vedlikehaldsvennlege, finst som éinradige og toradige i tillegg til opne og tette.

På grunn av det låge friksjonsmomentet (punktkontakt) eignar sporkulelager seg for høge omdreiingar. Dei blir brukte ved små eller middels store belastningar.

Rullelager

Sylindriske rullelager er stive lager. Dei toler store radielle belastningar (linjekontakt). Det finst fleire typar som er moglege å demontere, noko som lettar monteringa.

Rullelager blir brukte ved middels store og store belastningar med litt mindre hastigheit enn kulelager.

Demontering

Generelle råd for demontering av rullingslager:

  1. Planlegg arbeidet.
  2. Ver reinsleg.
  3. Vel riktig utstyr og metode.
  4. Bruk utstyret rett.
  5. Fjern lagerlåsing.
  6. Ikkje bruk open flamme på lageret dersom det skal monterast på nytt.
  7. Set krafta på den faste ringen ved demontering.
  8. Ver obs på at ikkje noko er skeivt under demonteringa.
  9. Ikkje slå med hammar etc. på lageret.
  10. Reingjer og emballer lageret dersom det skal monterast på nytt.

Montering

Montering av lager. Illustrasjon.

Generelle råd ved montering av rullingslager::

  1. Planlegg arbeidet.
  2. Ver reinsleg.
  3. Vel riktig utstyr og metode.
  4. Bruk utstyret rett.
  5. Kontroller at montasjestad er utan gradar og ytre skadar.
  6. Vel oppvarming/nedkjøling eller ingen av delane.
  7. Ikkje fjern innpakking før lageret skal monterast.
  8. Lagernummer skal vende ut (synleg).
  9. Ver obs på at ikkje noko er skeivt under monteringa.
  10. Set alltid montasjekrafta på den faste ringen.
  11. Utfør eventuelt oppdriving og glipeminsking på lageret.
  12. Sørg for sikker låsing.
  13. Smør lageret.
  14. Kontroller lageret etter montering.

Smørjing

Smørjing av rullingslager har mange likskapstrekk med smørjing av glidelager. Som smørjemiddel bruker ein olje eller smørjefeitt. Lager leverte med tetningar er smurde med feitt for livstid. Det er ei utbreidd misforståing at jo meir feitt ein puttar inn i eit lager, desto lenger vil lageret vare. Normalt fyller ein 30−50 prosent av holrommet i eit lager med feitt. I tabellar og diagram frå leverandørar finn vi intervallar for levetida til feittet og for eventuelle ettersmørjingar. I utgangspunktet er feitt å føretrekkje framfor oljesmørjing, fordi feitt ligg betre mot lageret enn olje. Over eit visst turtal må vi bruke oljesmørjing.

Les meir om lager på heimesidane til to kjende leverandørar av kule- og rullelager:

Schaeffler Norge (schaeffler.no)

SKF (skf.com)

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Industriskolen og Haldor Hove. Rettshavar: Industriskolen
Sist fagleg oppdatert 13.05.2022

Læringsressursar

Vedlikehald av maskinar og utstyr