Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Forsking gir deg ny kunnskap

holbergprisenUniversitetet i Bergen
Opphavsmann: Universitetet i Bergen


Fagteksten på denne sida er skriven av Gisle Andersen og publisert med løyve frå Holbergprisen i skolen.

Holbergprisen i skolen inviterer kvart år vidaregåande skolar over heile landet til å bli med og forske.

Klassen får ein eigen forskarkontakt frå ein høgskole eller eit universitet, som kjem på besøk for å snakke om forsking og som rettleier elevane gjennom prosjektarbeidet.

Å skape ny kunnskap

Direkte omsett kan ordet vitskap forståast som det å skape ny viten. Ein forskingsprosess er altså ein planlagd prosess som skal føre fram til ny kunnskap.

Idémyldring

Prosessen startar gjerne med at de har eit tema de gjerne vil finne ut noko meir om. Når de skal velje tema, kan det vere lurt å starte med ei idémyldring.

MindomoMindomo
Opphavsmann: Inspera

Nettstaden Creaza.no inneheld eit gratis tankekartverktøy som heiter Mindomo. Det er fint å bruke til idémyldring. Sjå ein demonstrasjon av dette verktøyet.

Først kastar de fram tema og problemstillingar som de har lyst å utforske. Deretter kan de sortere ideane og finne fram til eit tema som de synest er særleg interessant. Eit forskingsprosjekt krev innsats, derfor er det viktig at temaet er engasjerande og at alle har lyst til å jobbe med det.

Avgrensing

I neste omgang må de prøve å avgrense temaet til ei konkret problemstilling. Formålet med avgrensinga er å formulere eit presist spørsmål som de vil vere i stand til å svare på innanfor rammene for prosjektet.

Tilrå
3

Andre ressursar

Frå NyGiv

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve