Mikrometer
Mikrometer blir nytta der det trengst større målenøyaktigheit enn du får med skyvelæret, eksempelvis til oppmåling av lagerpassingar.
Digitalt MikrometerOpphavsmann: Mitutoya Scandinavia AB
MikrometerskalaenOpphavsmann: Mitutoya Scandinavia AB
Bruk av mikrometer. Hvordan holde det.Opphavsmann: Mitutoya Scandinavia AB
Det finst både mekaniske og digitale mikrometer. Det mekaniske mikrometret har ei målenøyaktigheit på 1/100 mm = 0,01 mm. Med eit digitalt mikrometer kan vi lese målenøyaktigheit på 1/1000 mm = 0,001 mm.
Mikrometra finst for ulike måleområde og bruksområde (innvendig måling, utvendig måling, djupnemåling).
Praktisk bruk av mikrometret
På eit mekanisk mikrometer har skruen ei gjengestiging
på 0,5 mm.
Måletrommelen er inndelt i 50 delar. Ved ei omdreiing på friksjonsskruen flytter vi skruen ei strekning som er lik stiginga på gjenget. Då aukar eller minskar vi målet med
0,5 mm.
Måletrommelen er oppdelt frå 1 til 50. Kvar del svarer til 1/100 mm. For å flytte måletrommelen 1 mm må vi dreie skruen to omdreiingar.
Eksempel:
Mikrometret under er innstilt på
3,46 mm.
Det er 3 heile mm = 3,00 mm
Det er 0 halv mm = 0,00 mm
Det er 46 delestrekar = 0,46 mm
Summen blir = 3,46 mm
Hugs:
• Mikrometer blir nytta når ein ønskjer nøyaktigheit på 1/100 mm.
• Ver nøye med krafta du bruker på skruen bak på mikrometret.
• Hugs å verne mikrometret mot støv, slag osv.
• Kontroller mikrometret med visse intervall.

