Hopp til innhald

Fagstoff

Brenngasskjering og brenngass

Brenngasskjering er ein forbrenningsprosess. Ein brenngass og oksygen varmar opp stålet til tenningstemperatur. Når denne temperaturen er nådd, slepp ein til ein kraftig straum av reint oksygen. Energien til gassen blæs det brennande stålet ut av snittet.
Gassflaske med trykkventil og trykkmålarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brenngass

Gassane har ulike eigenskapar og derfor òg ulike bruksområde.

Skjereoksygen

Skjereoksygenet reagerer med det allereie varme metallet, og forbrenninga startar. Reinleiken til skjereoksygenet har stor betydning for reaksjonsfarten med metallet og dermed òg for skjerehastigheita. Jo høgare reinleik, desto høgare skjerehastigheit og produktivitet.

Utstyr

Riktig utstyr til den jobben som skal utførast, er, saman med rett brenngass, ein føresetnad for at resultatet skal bli bra.

Ulike typar skjeremunnstykke. Foto.

Skjeremunnstykket må veljast ut frå
materialtjukkleik og kva brenngass ein bruker. Dagens munnstykke er utforma på ein slik måte at oksygenet får ein stor utstrøymingsfart. Dette gjer at skjerehastigheita blir høg.

Materiale

Brenngasskjering kan brukast på ulegert og låglegert stål. Alt frå tynne plater til plater med fleire meters tjukkleik kan skjerast.

Sikkerheit (HMS)

Oksygen og acetylen manometer. Foto.

For at ikkje bruk av brenngassar saman med oksygen skal gi farlege situasjonar, er det viktig å ta nødvendige førehandsreglar. Det er viktig å vite om kva eigenskapar gassane har, korleis utstyret skal brukast og kva sikkerheitsutstyr som må brukast.

I tillegg kan ein auke sikkerheita ved å bruke lukttilsett oksygen. Ei lita mengde luktstoff, DMS, er tilsett oksygenet for å gjere det mogleg å oppdage ein eventuell oksygenlekkasje. Brann- og eksplosjonrisikoen blir redusert, samtidig som eigenskapane til oksygenet er dei same.

Regulatorar

Det finst ei rekkje typar av regulatorar berekna for ulike typar av gassar.

Reduksjonsventil

Formålet med ein reduksjonsventil er å redusere det høge trykket vi har på gassflasker til eit passande arbeidstrykk, som kan regulerast i samsvar med gitt arbeidssituasjon. Tilførselen av gass må òg vere stabil.

NB: Ver rask med å stengje alle ventilar på brennarhandtaket og reduksjonsventilar. Dersom acetylenflaska blir oppvarma, må ho avkjølast med ein gong. Her må ein følgje visse prosedyrar. I dag er det påbode med tilbakeslagsventil på gassveiseutstyret. Desse hindrar gassen i å komme inn til gassbehaldarane, fordi dei stengjer automatisk ved tilbakeslag i brennaren.

Eigenskapar til ein reduksjonsventil

  • Han må ha god stabilitet som sikrar ein stabil gassflamme under arbeidet.
  • Stabiliteten blir òg halden oppe ved store gassuttak.
  • Han reduserer det høge behaldartrykket til eit passande arbeidstrykk.
  • Presis og stabil sveise-/varmeflamme sparer tid og aukar produktiviteten.

Retursperreventilar (tilbakeslagsventil)

Retursperreventil. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det hender at ein får tilbakeslag under arbeid med gassveising og skjering. Dersom forbrenningsfarten innover er større enn utstrøymingsfarten på gassane, kan ein få tilbakeslag. Ein høyrer då ei rekkje smell eller ein pipelyd. Det kan òg vere andre årsaker til at eit får tilbakeslag, som til dømes for varmt sveisebend eller skjeremunnstykke, at munnstykket er laust, eller at det er lekkasje på brennar og slangar. Flammen kan òg ha oksygenoverskot.

Tre typar tilbakeslag

  • Avgrensa tilbakeslag får du når flammen slår inn i sveisebendet eller brennaren og tenner og sløkkjer med ei rekkje knall.
  • Vedvarande tilbakeslag får du når flammen slår inn i brennaren og held fram med å brenne innover med ein vislande eller pipande lyd. Ver rask med å stengje begge ventilane på sveisehandtaket og dessutan reduksjonsventilane.
  • Fullstendig tilbakeslag vil seie at flammane slår inn i brennaren og slangane. No kan både slangar og reduksjonsventilar eksplodere.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2018

Læringsressursar

Skjering