Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Diskuter kontinuerleg regulering

Oppgåve utforma som diskusjon om prosessanlegg.
Avisolerte leidningsendar. Foto.

Ta utgangspunkt i ein regulator som du kjenner, og forklar til ein medelev korleis du betener denne regulatoren i drift. Her legg du vekt på endring av set-verdi, PID-parametrar, skifte frå auto til manuell og skalering av visinga i regulatordisplayet. Dette kan gjeras som ein diskusjon eller eit rollespel der du er fagpersonen og medeleven er operatøren (brukaren).

Ta utgangspunkt i eit anlegg i drift med tilkopla skrivar, og diskuter med læraren din kvaliteten på optimaliseringa som er gjord. Du må leggje vekt på justeringsmetode, val av P-, PI- eller PID-regulering, og dessutan korleis prosessanlegget reagerer på set-punkt og belastningsendring. Dette skal gjerast som eit rollespel der du er fagpersonen som har sett anlegget i drift, og læraren er kontrollerande ingeniør.

CC BY-SASkrive av Odd Ståle Vikene.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2018

Læringsressursar

Kontinuerleg regulering