Hopp til innhald

Fagstoff

Haldningar

Ei haldning er ei oppfatning eller innstilling ein person har, og som gjerne sit djupare enn ei meining. Ei meining kan lett endrast, men ho heng som regel saman med dei haldningane vi har.
Elevar rundt ei bord har gruppearbeid. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som profesjonell yrkesutøvar kan du ikkje alltid gi uttrykk for eller handle i samsvar med dine eigne haldningar. Du er forplikta til å følgje dei yrkesetiske retningslinjene som gjeld for yrket ditt. Ein fagarbeidar i helse-, sosial- og oppvekstsektoren må derfor kunne skilje mellom eigne haldningar og dei normene og reglane som gjeld.

Haldningar omfattar både tankar, kjensler og handlingar

Haldningane våre blir utvikla i samspel med omgjevnadene og blir påverka av dei erfaringane vi gjer oss. Haldningar kan òg vere eit resultat av opplevingar, erfaringar eller kunnskap. Vi kan endre haldningane våre gjennom bevisstgjering. Bevisstgjeringa kan for eksempel skje ved at nokon fortel deg kva haldningar dei oppfattar at du har, ved at du får ny kunnskap, eller ved at du reflekterer over det du opplever.

Haldningane dine påverkar oppførselen din, og det er viktig å forstå korleis dette skjer. Haldningane våre til ei sak eller ein person kan vere positive eller negative.

  • Positive haldningar fører gjerne til at ein er open og interessert, og at ein viser respekt. Ei positiv haldning til menneske inneber at ein ønskjer å bli kjent med andre menneske. Ein vil forstå dei og vere saman med dei.
  • Negative haldningar kan føre til at ein er motvillig, mistenksam eller uinteressert. Ei negativ haldning til menneske kan føre til at ein trekkjer seg unna eller er lite interessert.

For å bli ein god fagperson er det viktig å ha ei positiv haldning til utdanning og læring. Dette kallar vi indre motivasjon. Ein yrkesutøvar som har positive haldningar til andre menneske og yrket sitt, er med på å skape eit godt samarbeidsmiljø. Ein som har negative haldningar til skole og opplæring, gir kanskje uttrykk for dette ved å skulke eller ved ikkje å ta imot rettleiing.

Å vere ueinig i eller motstandar av noko betyr ikkje nødvendigvis at ein har ei negativ haldning. Som fagarbeidar kan du vere ueinig i politiske vedtak som vedkjem arbeidet ditt, eller du kan vere motstandar av tiltak som blir sette i verk på arbeidsplassen din. Du kan likevel ha ei positiv haldning til å utføre jobben din slik du er pålagd.

Fordommar – haldning utan kunnskap

Vi menneske kan ha haldningar til personar eller saker som vi veit for lite om, og mange feller ofte dommar på førehand. Fordommar kan vere både positive og negative.

  • Vi kan sjå opp til personar som har utmerka seg positivt på eitt område, eller som er saman med menneske vi ser opp til. Ei popstjerne vi liker, har ikkje nødvendigvis eigenskapar som fortener beundring på andre område.
  • Vi kan sjå ned på personar fordi vi er ueinige med dei i ei enkelt sak, eller fordi dei høyrer til ei gruppe vi assosierer med noko negativt. Det er for eksempel ingen samanheng mellom kva for klær ein bruker og personlege eigenskapar.

Fordommar som oppstår mellom menneske med ulik kultur og levesett, har gjerne samanheng med at menneska ikkje kjenner kvarandre. Kanskje veit vi for lite om kva den andre personen eller gruppa står for. Viss vi blir ordentleg kjende, ser vi kanskje sider ved kvarandre som vi ikkje visste om frå før. Det veks da fram ei anna oppfatning av personen eller gruppa, og vi kan kome til å endre haldninga vår.

Dei personlege verdiane, normene og haldningane dine blir ein del av deg sjølv og måten du tenkjer på og er på. Dette tek du med deg inn i alle samanhengar, og det påverkar vala og gjeremåla dine. Gjennom opplæringa får du lære kva for nokre verdiar som er viktige i helse-, sosial- og oppvekstsektoren.

Utfordringar til deg

  1. Kva er skilnaden på å ha ei meining og å ha ei haldning?
  2. Diskuter haldningar til skolearbeid i klassen. Har de positive haldningar?
  3. Skriv ein tekst med tittelen «Mine haldningar til menneske». Har du nokre haldningar du må jobbe med om du skal bli ein profesjonell fagarbeidar?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Tove Bostad, Hege Røyert og Trine Merethe Paulsen. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 14.10.2020

Læringsressursar

Sosial og kulturell kompetanse