Velkommen til norsksidene!
NDLA tilbyr mange spennande og nyttige fagressursar for Vg1, Vg2 og Vg3 norsk. Følg oss gjerne på Twitter – da får du melding kvar gong det kjem ein ny norskressurs!
Fagressursar
Fagstoff og oppgåver finn du under fana "Fagstoff". Klikkar du på "Tema", kan du besøkje biblioteket og medieteket vårt. Her finn du òg nokre tematiske arbeidsopplegg på tvers av årssteg og læreplanmål.
Det er også mogleg å søkje på ressursar med utgangspunkt i læreplanmål. Da må du velje fana "Læreplan". Under "Ressurskart" finn du alle læringsressursar for norskfaget, sorterte etter ressurstype.
Galleri K&K
I det virtuelle galleriet vårt kan du lære om visuelle verkemiddel og om kva vi kan bruke bilete til. Klikk på biletet i høgrefeltet, så kjem du rett til galleriet.
Lyrikkhistorisk tidslinje
I den lyrikkhistoriske tidslinja finn du enkle, kortfatta oversikter over dei litteraturhistoriske periodane, og tolv kommenterte enkeltdikt. Du kan lytte til tekstane, lese dei og laste ned både tekst og lyd om du vil. Klikk på biletet i høgrefeltet, og du kjem rett til tidslinja.
Språk- og litteraturhistorisk tidslinje
Den språk- og litteraturhistoriske tidslinja inneheld både periodeomtalar og presentasjonar av forfattarar og enkeltverk frå norrøn tid og – førebels – fram til ca. 1940. Høgreklikk på lenkja ovanfor, så får du opna tidslinja i ny fane.
