Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Samansette tekstar

Kva er ein samansett tekst?

Når vi høyrer omgrepet tekst, tenkjer vi gjerne på ord som er skrivne ned. Men vi kan bruke ordet også om andre uttrykksmåtar enn ord og skrift. Ein tekst kan også vere tale, fotografi, kroppsspråk, teikningar, typografi og musikk.

Ein samansett tekst inneheld fleire ulike uttrykksmåtar. Musikkvideoen for eksempel kombinerer gjerne bilete, dans, musikk og ord. Dei forskjellige uttrykksmåtane verkar saman og dannar ein heilskap. Det er litt på same måten som når vi lagar ein matrett: Den ferdige retten er meir enn summen av ingrediensane.

Les meir

Vi finn samansette tekstar i alle slags medium. I bøker, aviser og andre papirmedium kan ein samansett tekst bestå av tekst, bilete og typografiske verkemiddel. I elektroniske medium kan tekstane i tillegg innehalde lyd og levande bilete.

Også ein presentasjon av eit prosjekt i klasserommet kan vere ein samansett tekst. Vi kan for eksempel spele musikk gjennom ein høgtalar mens vi snakkar og kommenterer bilete som blir viste på ein skjerm i bakgrunnen.

Dei aller fleste tekstane vi bruker, er samansette. Nokre gonger kan alle uttrykksmåtane i ein tekst vere like viktige, andre gonger dominerer éin bestemt uttrykksmåte, mens andre lettare kan unnverast. Ein spelefilm kan ikkje fungere utan bilete, og knapt nok utan replikkar eller musikk. Ei rekning frå eit firma derimot har i utgangspunktet same rettskraft uansett om det står ein firmalogo på rekninga eller ikkje.

skjul

Kvifor er tekstane samansette?

Ein viktig grunn til at vi lagar så mange samansette tekstar, er at dei ulike uttrykksmåtane har ulike funksjonar i teksten. Eit fotografi kan for eksempel vise korleis ein person ser ut, mens orda kan fortelje kva vedkommande heiter, kor gammal han er og kvifor han er avbilda.

I eksemplet nedanfor gir biletet eit litt omtrentleg inntrykk av kor gammal Jon Øigarden er, mens talet fortel dette heilt presist. På den andre sida gir biletet oss ansiktstrekka til Øigarden meir nøyaktig enn den mest ordrike skildringa ville klart.

Magasinet-forside med portrett av Jon ØigardenForside frå Dagbladet sitt laurdagsbilag

 

Ulike uttrykksmåtar kompletterer kvarandre

Dersom vi kombinerer fleire uttrykksmåtar, kan vi skape tekstar som utnyttar det dei ulike uttrykksmåtane fungerer best til. Dei to bileta nedanfor viser i utgangspunktet det same, nemleg Universitetet i Agder. Kartet kan gi oss oversikt ved å vise plassering, avstand og målestokk, men det er kanskje lettare å kjenne seg igjen ved å sjå på eit fotografi.

Bilde av Universitetet i AgderFotografi
Kart over Universitetet i AgderKart


Appell til hovud og hjarte

Fotografi og musikk er ofte veleigna til å engasjere kjenslene våre, mens skriftspråket gjerne har andre funksjonar i samspelet med bilete og lyd. I eksemplet nedanfor ser vi eit fotografi som appellerer sterkt til kjenslene. Mange kjenner eit tydeleg ubehag i møte med slike bilete. Den skriftlege teksten skal hjelpe oss til å omsetje kjenslene til handling: Orda informerer om kva vi kan gjere for å hjelpe menneske som opplever tortur.

Bilde som viser en person med føttene lenket til en sengKampanjebilete 
Opphavsmann: Amnesty International Norge

Tilrå
30

Oppgåver

Praktisk stoff

Andre ressursar

Frå deling.ndla.no

  • Sammensatte tekster [+]
    • Dekkjer delvis "beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjoner knyttet til språk og bilde

Frå NyGiv

  • Kamerasimulatoren [+]
    • beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjoner knyttet til språk og bilde ""
  • Norsk: om film for Ny Giv-elever [+]
    • beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjoner knyttet til språk og bilde ""
  • Kostholdsfremmende reklame [+]
    • beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjoner knyttet til språk og bilde ""

Brukast i

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve