Hopp til innhald

Fagstoff

Når kommunikasjon blir vanskeleg

Nokre gonger oppstår det problem, vi får ikkje med oss kva som blir formidla, vi misforstår og så vidare. Kommunikasjonen fungerer rett og slett ikkje slik han bør. Vi skal her sjå nærmare på nokre forhold som kan skape problem for kommunikasjonen.
Jente held seg for øyra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utydeleg og uforståeleg språk

Det kan vere at sendaren bruker uklare ord, ufullstendige setningar, sjargong eller faguttrykk den andre ikkje forstår.

Motstridande informasjon

Dobbeltkommunikasjon kan vere at du seier ein ting med ord og noko anna med kroppsspråket. Når informasjonen ikkje stemmer overeins med måten det blir formidla på, står vi overfor motstridande informasjon. Slike doble bodskapar kan gjere mottakaren forvirra eller usikker på kva vi meiner.

Ofte stoler vi meir på kroppsspråket enn dei orda som blir sagde, derfor opplever vi dobbeltkommunikasjon som vanskeleg.

Eit døme: Du har krangla med kjærasten og er lei deg. Ein av kundane spør om det er noko gale. Du svarer at du har det fint, men kunden ser at du ikkje snakkar sant.

Dobbeltkommunikasjon er i dei fleste tilfelle ikkje ønskjeleg. Men det kan også brukast på ein medviten måte for å oppnå ein bestemt verknad.

Stress

I arbeid med menneske kan vi ikkje unngå å kome i situasjonar som vi kan oppleve som stressande. Det kan vere fleire som må ha hjelp samtidig, nokon som prøver ut grenser og så bortetter. I slike situasjonar oppstår det gjerne òg misforståingar.

Relasjonar

Det at vi har fordommar mot eller misliker personen vi kommuniserer med, kan gjere at kommunikasjonen blir vanskeleg. Det er lett å tenkje at den andre har eigenskapar hen eigentleg ikkje har. Då er det lett å mistolke bodskapen. For deg som yrkesutøvar er det viktig å vere medviten om at relasjonar har betyding for kommunikasjonen, og du må streve etter å ha gode relasjonar til kollegaer, kundar og brukarar.

To personar som ikkje snakkar med kvarandre. Foto.

Kommunikasjon og makt

Som profesjonell yrkesutøvar kan du ikkje bruke makt i kommunikasjonen, men må kommunisere på ein måte som fremmar likeverd, tryggleik og tillit. Det er eit stort problem i all kommunikasjon når nokre bruker maktposisjonen sin til å styre kommunikasjonen. I verste fall kan vi snakke om krenking av menneske.

Døme på maktmisbruk kan vere å:

  • hindre kundar eller brukarar i å kommunisere ved å overhøyre vedkomande eller be hen vente for så å «gløyme» at hen skulle seie noko. Dette er noko vaksne av og til kan gjere når dei kommuniserer med barn.
  • bruke avvisande kroppsspråk ved å snu deg vekk eller late som du ikkje høyrer kva kunden eller brukaren seier.
  • snakke deg bort ved å miste fokus på saka. Dermed blir samtalen avleidd, og han handlar plutseleg om noko anna.
  • kommentere personlege eigenskapar, åtferd eller utsjånad og dermed forvirre kunden eller brukaren.
  • ikkje ta deg tid til å vente dersom kunden eller brukaren har vanskar med å kommunisere verbalt.
  • miste fatninga og kjefte på kunden eller brukaren.
  • bruke ironi og sarkasme, latterleggjere, le av den andre, gjere narr eller himle med auga når kunden eller brukaren seier noko.

Utfordringar til deg:

  1. Les om ironi og sarkasme på norsksidene.


    Kvifor bør du som fagarbeidar vere forsiktig med bruk av desse verkemidla?

  2. Kva veit du om kommunikasjon og makt?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Kjell Arne Standal.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2019

Læringsressursar

Ueiningheit og konflikt