Forskingsprosessen
Universitetet i Bergen
Holbergprisen i skolen inviterer kvart år vidaregåande skolar over heile landet til å bli med på å forske.
Faglærar må vere involvert i prosjektet og fungere som kontaktperson for Holbergprisen i skolen.
Klassen får ein eigen forskarkontakt frå ein høgskole eller eit universitet, som kjem på besøk for å snakke om forsking og som rettleier elevane gjennom prosjektarbeidet.
Meld dykk på!
Læring gjennom utforsking
Har du nokon gong tenkt på alt det spennande vi ikkje veit om den verda vi lever i?
Som skoleelev kan du skaffe deg kunnskap gjennom å lese bøker, ta del i undervisning og bruke ulike læremiddel. Men du kan også lære meir gjennom prosjektarbeid og elevforsking. Tenk berre på alt du veit om språkbruk blant unge ut fra eiga erfaring som språkbrukar!
Empiri
Forskarar prøver å framskaffe ny kunnskap. Ein vanleg måte å gjere dette på, er innsamling og bearbeiding av empiriske data. Omgrepet empiri tyder "erfaringslære", og empirisk kunnskap er kunnskap som byggjer på eksperiment og erfaring. Slike empiriske data kan vi tileigne oss gjennom
- spørjeundersøkingar
- bruk av eksisterande statistikk
- kvalitative intervju
(djupnintervju av enkeltpersonar) - observasjon
- dokumentanalyse
(analyse av alle slags tekstar)
Resultatet skal kunne etterprøvast av andre. Derfor er det viktig å gjere greie for kva for ein metode som er brukt, og korleis dei innsamla data er bearbeidde, analyserte og tolka.
Å byggje på kunnskap som allereie finst
Alle forskarar byggjer på arbeid andre har gjort før dei. Ved å ta utgangspunkt i kunnskap som allereie finst, viser ein ikkje minst at ein er oppdatert i faget. Både eigne undersøkingar og bruk av faglitteratur høyrer derfor med i eit godt forskingsarbeid. Korleis ein bruker skriftlege kjelder på rett måte, kan du lese om i kapitlet om kjeldebruk.
Forskingsprosessen
Illustrasjonen nedanfor gir deg ei enkel oversikt over arbeidsgangen i eit forskingsprosjekt:
I Forskarspira lærer du korleis du går fram når du forskar. Du får møte unge forskarar innan området norsk språk og litteratur, og du kan sjå eksempel på spennande elevforsking utført av elevar ved andre skolar.
Kapitlet er også svært nyttig for deg når du skal arbeide med fordjupingsoppgåva di på Vg3. Forskarspira er utarbeidd i samarbeid med Holbergprisen ved Universitetet i Bergen.

