Hopp til innhald

Fagstoff

Framande artar i norsk natur

Framande artar er dyr, planter eller mikroorganismar som ikkje finst naturleg i eit område. Desse kan ha stor spreiingsevne og kan skape problem for det stadeigne plante- og dyrelivet, til dømes som ugras og skadegjerarar. Det er forbode å innføre ville artar til Noreg.
Store mengder hagelupin veks langs elvebreidd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Negative konsekvensar for norsk natur

Vi har fleire døme på at framande artar som har komme inn i landet, har hatt sterk vekst i bestanden med påfølgande negative konsekvensar i norsk natur. Det er som regel menneskeleg aktivitet som er årsaka til at nye artar har komme til landet. Spreiinga av framande artar skjer mellom anna gjennom omfattande transportverksemd, handel, turisme, friluftsaktivitetar og import av dyr og planter. Ballastplantar er ein kategori framande artar som kom til landet gjennom dumping av ballastmasse frå seglskuter. Ballastvatn i skip kan òg bidra til å spreie framande artar til nye havområde.

Noreg har slutta seg til den internasjonale Konvensjonen om biologisk mangfald (Rio-konvensjonen) som inneber at vi skal kontrollere, fjerne og hindre innførsel av framande artar som truar økosystem, livsmiljø eller artar. Det vil seie at utan godkjenning frå styresmaktene er det forbod mot å innføre ville artar til Noreg eller setje ut ville artar eller underartar som ikkje finst frå før i området.

Fremmedartslista 2023 frå Artsdatabanken inneheld ei oversikt over eit utval av framande artar med økologiske risikovurderingar.

Døme på framande artar i norsk natur

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2023

Læringsressursar

Berekraftig naturbruk