Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova skal sikre at tilhøva på arbeidsplassane er tilfredsstillande. Verneombodet er talerøyr for dei tilsette på arbeidsplassen, mens Arbeidstilsynet er eit offentleg organ som skal sjå til at bedriftene driv verksemdene forsvarleg.
Arbeidsmiljølova skal sikre at fysiske arbeidsforhold blir teke omsyn til. Ein skal mellom anna vere trygg mot fysiske skadeverknader som høyrsleskadar.
Fotograf: Søren Svendsen
Oppgåva til Arbeidstilsynet er å føre tilsyn med at verksemder i arbeidslivet følgjer krava i arbeidsmiljølova.
Opphavsmann: Arbeidstilsynet
Arbeidsmiljølova sikrar også at ein får pausar i arbeidstida, avhengig av kor lang arbeidsdag ein har.
Fotograf: Eivind Griffith Brænde
Arbeidsmiljølova (2006) skal også sikre at fysiske tilhøve som luft- og lystilhøve blir teke omsyn til, og at ein får pausar i arbeidstida. Det bør herske ein god tone på arbeidsplassen. Ingen arbeidstakarar skal kjenne seg mobba, og dei tilsette skal bli høyrde og tekne omsyn til av leiaren sin. Arbeidstakarane har også medråderett på arbeidsplassen. Eit verneombod skal etter arbeidsmiljølova følgje med på om dette blir teke hand om.
Verneombod sikrar medråderetten til arbeidstakarane i saker som vedkjem arbeidsmiljøet.
Fotograf: Carl Martin Nordby
Verneombodet fungerer som talerøyr på arbeidsplassen i saker som vedkjem arbeidsmiljøet. I bedrifter med meir enn 50 tilsette skal ein ha eit arbeidsmiljøutval der både tilsette og leiinga er representerte.
Bedrifta har også eit ansvar for at produksjonen blir innretta etisk, forsvarleg og med omsyn til miljøet. Staten skal ha innsyn i ei rekkje tilhøve på arbeidsplassen.
Arbeidstilsynet
Arbeidstilsynet er ein statleg etat, underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Oppgåva til etaten er å føre tilsyn med at verksemdene følgjer krava i arbeidsmiljølova. Det overordna målet for verksemda til Arbeidstilsynet er eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for alle, med trygge tilsettingsforhold og meiningsfylt arbeid for den einskilde. Kontrollørane frå etaten kan komme umelde på bedriftsbesøk for å sjå til at føresegnene i arbeidsmiljølova blir etterlevd, og har fullmakt til å bøteleggje bedrifter som ikkje følgjer opp pålegg frå Arbeidstilsynet.
Arbeidsmiljøloven har som formål:
- sikre et arbeidsmiljø som gir grunnlag for en helsefremmende og meningsfylt arbeidssituasjon, som gir full trygghet mot fysiske og psykiske skadevirkninger, og med en velferdsmessig standard som til enhver tid er i samsvar med den teknologiske og sosiale utvikling i samfunnet
- å sikre trygge ansettelsesforhold og likebehandling i arbeidslivet
- å legge til rette for tilpasninger i arbeidsforholdet knyttet til den enkelte arbeidstakers forutsetninger og livssituasjon
- å gi grunnlag for at arbeidsgiver og arbeidstakerne i virksomhetene selv kan ivareta og utvikle sitt arbeidsmiljø i samarbeid med arbeidslivets parter og med nødvendig veiledning og kontroll fra offentlig myndighet
- å bidra til et inkluderende arbeidsliv
Kilde: Arbeids- og inkluderingsdepartmentet
