Eit godt middel mot trollskap - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Litterære tekster

Eit godt middel mot trollskap

Dei tek journalistane først, slik at ingen får høyre om det når dei tek alle dei andre.

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

I september 2014 fekk gravejournalist Jessikka Aro i YLE, det finske motstykket til NRK, merke kven ho hadde lagt seg ut med. Ikkje før hadde ho publisert den første reportasjen i ein serie om korleis pro-russiske Internett-troll forsøkjer å påverke den finske opinionen, før ho sjølv blei overfalt av trollhæren.

På russiske og internasjonale nettstader, i YouTube-kanalar og i sosiale medium blei ho framstilt som agent for Nato og for amerikanarane. Ho blei skulda for å lage lister over Putin-tilhengjarar i Finland. Familien og privatlivet hennar blei bretta ut, ofte med falske opplysningar. På dagen 20 år etter far hennar døde, fekk ho tekstmelding som tilsynelatande var send frå faren. Ho var blitt eit viktig mål i informasjonskrigen som vennene til Vladimir Putins driv.

Då den svenske avisa Eskilstuna-Kuriren i fjor sommar avslørte korleis rasistar og høyreekstremistar hadde kuppa lokale Facebook-grupper, byrja telefonen å ringje. Ikkje éin eller to gonger, slik det ofte skjer etter kontroversielle reportasjar, men 70, 80, 90 gonger. I andre enden var røyster som skreik og skjelte, openbert etter manus, sidan tiradane var dei same. Blei journalistane provoserte og tok igjen, dukka utdrag av samtalane raskt opp på YouTube, sterkt redigerte.

Avisa svarte med å etterforske telefontrolla og fann eit nettverk som kallar seg Granskning Sverige. Der blir trolla til og med betalte for å ringje og sjikanere journalistar. Gjennom nettverket får ringarane opplæring i korleis dei kan skjule telefonnummeret, og tips om korleis opptaka kan redigerast for å bli mest mogleg belastande for pressefolka.

Då president Theodore Roosevelt for første gong brukte uttrykket «The Bully Pulpit» om talarstolen han hadde, var «bully» eit positivt omgrep, eit synonym til «fabelaktig». I dag er både talarstolen og den nyvalde presidenten sin Twitter-konto blitt bølla sitt våpen i kampen mot dei store massemedia. New York Times, CNN, Politico og CBS er ikkje berre «fake news», dei er også det amerikanske folket sine onde fiendar.

Verda, som Noreg jo er ein del av, har lenge hatt ein mangel på intelligent og kunnskapsrik mediekritikk. Ein slik kritikk kunne pressa journalistane til å vere meir kritiske til kjeldene, meir nøye med faktakontrollen, meir presise i språket og meir lydhøyre for alternative røyster.

I staden har vi fått ein situasjon der mektige politikarar, med den mektigaste av dei alle i spissen, gjer kva dei kan for å rive ned tilliten til pressa. Nokre norske politikarar ber ved til dette farlege bålet. «Folk har våknet og gjennomskuet mediene», skreiv Mazyar Keshvari, stortingsrepresentant for FrP i Aftenposten. «Gjennomskoda» er eit ord som normalt blir brukt om avslørte svindlarar.

Trump gjer som Dovregubben då han ville rispe Peer Gynt i auget for at alt det grimme skulle bli vakkert. Han snur ting på hovudet, viskar ut skilnadene mellom fakta og «alternative fakta» og freistar å skape ei kjensle av at berre det oppdikta er verkeleg, mens det verkelege er propaganda. Om han og hans likemenn klarer å rive ned tilliten til den kritiske og uavhengige journalistikken, blir det mykje lettare for dei å lokke andre inn i trollhola.

President Thomas Jefferson skreiv for 230 år sidan at om han måtte velje mellom ei regjering utan aviser eller aviser utan ei regjering, ville han ikkje nøle ein augneblink med å velje det siste.

Dette sitatet er populært, ikkje minst hos journalistar. Dessverre blir ofte den neste setninga utelaten: «Eg meiner at kvar og ein bør få desse avisene, og vere i stand til å lese dei.»

Recep Erdogan, Vladimir Putin, Donald Trump og dei digitale stormtroppane deira forsøkjer sjølvsagt å gjere pressa til fiendar av folket. Dei veit så inderlig vel at ei lesande befolkning med tilgang til fri og kritisk informasjon er det dagslyset som får troll til å sprekke.

Skrive av Sven Egil Omdal.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2017