Jobb med personifikasjonar
Oppgåve 1. Personifikasjon i tekst
Sit i par eller grupper. Under kan de finne utdrag frå nokre kjende tekstar.
Les tekstane og finn personifikasjonen.
Diskuter kva funksjon personifikasjonen har i teksten – altså: Kvifor trur de forfattaren valde å personifisere det abstrakte på akkurat denne måten?
Tekst 1: Diktet "Til rors, Columbus" av Gunnar Reiss-Andersen
Det har vært år da døden syntes fjern.
Nå går han over jorden kledd i jern.
Nå lever han som nådeløs fortrolig
og fryktet venn med bolig i min bolig.
På ruten hører jeg ham stundom ripe
når høstnatt-vinden tuter som en ulv,(Gunnar Reiss-Andersen, 1949, s. 25.)
Tekst 2: Diktet "Sannheten" av Rolf Jacobsen
Sanninga står utanfor døra di.
[...]
Hva gjør du? Lukker du opp?
vil det forandre livet ditt.(Rolf Jacobsen, 1985, s. 14.)
Tekst 3: Novella "En falkepleiers bekjennelse" av Ingvar Ambjørnsen
Etter noen dager ble det bedre. Jeg vil ikke si at tilværelsen smilte, men den holdt iallfall opp med å flekke tenner. Livet lot til å akseptere meg [...].
(Ambjørnsen, 1993, s. 409.)
Oppgåve 2. Personifikasjon i kunst
Samanlikn dei to ulike personifikasjonane av døden i måleria under.
Oppgåve 3. Lag eigne personifikasjonar
Lag eigne personifikasjonar der du framstiller noko abstrakt på ein konkret måte. Du kan skrive eit par setningar, nokre verselinjer i eit dikt eller velje ei anna skriftleg framstillingsform.
Døme på abstrakte fenomen du kan framstille, er:
døden
kjærleiken
sjalusi
forelsking
depresjon
glede
frykt
håp
aldring

