Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Jobb med personifikasjonar

Oppgåve 1. Personifikasjon i tekst

Sit i par eller grupper. Under kan de finne utdrag frå nokre kjende tekstar.

  1. Les tekstane og finn personifikasjonen.

  2. Diskuter kva funksjon personifikasjonen har i teksten – altså: Kvifor trur de forfattaren valde å personifisere det abstrakte på akkurat denne måten?

Tekst 1: Diktet "Til rors, Columbus" av Gunnar Reiss-Andersen

Det har vært år da døden syntes fjern.
Nå går han over jorden kledd i jern.
Nå lever han som nådeløs fortrolig
og fryktet venn med bolig i min bolig.
På ruten hører jeg ham stundom ripe
når høstnatt-vinden tuter som en ulv,

(Gunnar Reiss-Andersen, 1949, s. 25.)

Tekst 2: Diktet "Sannheten" av Rolf Jacobsen

Sanninga står utanfor døra di.

[...]

Hva gjør du? Lukker du opp?
vil det forandre livet ditt.

(Rolf Jacobsen, 1985, s. 14.)

Tekst 3: Novella "En falkepleiers bekjennelse" av Ingvar Ambjørnsen

Etter noen dager ble det bedre. Jeg vil ikke si at tilværelsen smilte, men den holdt iallfall opp med å flekke tenner. Livet lot til å akseptere meg [...].

(Ambjørnsen, 1993, s. 409.)

Oppgåve 2. Personifikasjon i kunst

Samanlikn dei to ulike personifikasjonane av døden i måleria under.

Oppgåve 3. Lag eigne personifikasjonar

Lag eigne personifikasjonar der du framstiller noko abstrakt på ein konkret måte. Du kan skrive eit par setningar, nokre verselinjer i eit dikt eller velje ei anna skriftleg framstillingsform.

Døme på abstrakte fenomen du kan framstille, er:

  • døden

  • kjærleiken

  • sjalusi

  • forelsking

  • depresjon

  • glede

  • frykt

  • håp

  • aldring

Kjelder

Ambjørnsen, I. (1993). En falkepleiers bekjennelse. I Norske perler i prosa (s. 407–410). Bokklubben kunnskap og kultur. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014090108016

Jacobsen, R. (1985). Nattåpent. Gyldendal. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008060204039

Reiss-Andersen, G. (1949). Prinsen av Isola og andre dikt. Gyldendal. https://www.nb.no/items/e6918794040c54babcdb2b0c6f801629?page=0&searchText=prinsen%20av%20isola

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 09.06.2026