1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Kvalitet og dokumentasjonChevronRight
  4. EtikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Etikk

I praksis handlar etikk om å sjå konsekvensene av det du gjer. I arbeidslivet må vi reflektere over eiga verksemd. Då bør vi stille spørsmål om korleis produkta og tenestene våre verkar inn på verda rundt oss, for eksempel i høve til miljø, velferd, kultur og politiske rettar.

For å løyse slike spørsmål finst det ulike etiske retningar. Pliktetikk og konsekvensetikk er to hovudretningar innan filosofien. Pliktetikken pålegg plikter og gir rettar. Denne retninga tar utgangspunkt i enkeltindividet. Ein person har plikt til å gjere eller å la vere å utføre visse handlingar. Dette avgjer kva som blir rett og kva som blir gale. Konsekvensetikken fokuserer på konsekvensane av handlingane, ikkje på om dei bryt ein rett eller regel. Dersom ei handling eller eit tiltak vil innebere positive konsekvensar eller gi større lykke eller velferd for mange menneske, kan det hende at brot på retten til ein enkeltperson likevel kan forsvarast. La oss gjennom to eksempel vise korleis den etiske vurderinga kan bli ulik avhengig av kva etikksyn vi bruker.

  • La oss seie at det på ein institusjon for senil demente er ein aktivitør som vurderer om det er etisk forsvarlig å låne kontantar frå ei lommebok til ein bebuar. Lommebøkene til bebuarane er oppbevarte på vaktrommet. Pengane skal brukast til å betale pizzabodet som kjem med overtidsmat – ingen andre har kontantar.
  • La oss seie at ein handverkar vil lage ein tilbodskampanje i butikken sin. Ho planla ut frå den opprinnelege kalkylen å ta 150 kroner for ein vare, men ho har lenge solgt denne varen for 100 kroner. No set ho tilbodsprisen til 75 kroner og annonserer med 50% rabatt.

I det første eksemplet er det klart at aktivitøren gjer noko gale i høve til pliktetikken: ho stel frå ei lommebok som tilhøyrer ein annan person. Sjølv om det er midlertideg, og eigaren neppe kjem til å merke det, blir det feil. Mens ut frå konsekvensetikken kan ein seie at ho har handla etisk forsvarleg. Skrubbsultne kollegaer har fått overtidsmaten sin, utan at det har gått ut over andre.

Også i det andre eksemplet er det openbert at handlinga er gal ut frå eit pliktetisk perspektiv. Førprisen er jo 100 kroner, ikkje 150. Men marknadsføringa kan hjelpe ho med å selje produktet sitt. Dersom kunden får stor glede av produktet, kan ei konsekvensetisk vurdering då gje ein annan konklusjon på det etiske dilemmaet?

Produksjon og arbeidsforhold

I dag er likevel dei viktigste etiske dilemmaene i forbrukersamfunnet korleis ulike produkt blir produserte. Meir enn halvparten av dei tekstilene som blir selde i Noreg, er laga i utviklingsland som Kina, India, Thailand, Korea, Indonesia og Bangladesh. Ofte er arbeidsforholdene varene blir produsert under svært dårlege etter vår standard. Lave lønningar tvingar arbeidarane til å jobbe opp mot 80 timer i veka. Dei får ikkje organisere seg fagforeiningar. Ein får dermed ikkje gjort noko med uregulerte arbeidsvilkår og dårlege arbeidsmiljø. Tekstilene som skal bli klede blir ofte bleika med klor, og deretter farga med fargestoffer som kan innehalde tungmetall som nikkel og kopper. Begge prosessane blir skylla ut med vann, med det resultatet at grunnvatnet i området blir forgifta.

Organisasjonen Etisk forbruk rår forbrukarane til å kjøpe varene sine i spesialforretningar. Ein bør alltid spørje kor lang levetid eit produkt kan forvente å ha. Gode garantiordningar kan gi tips om dette. Den medvitne forbrukaren bør også spørje om varen kan bli reparert. Det kan ofte løne seg å kjøpe gode kvalitetsprodukter av holdbare material som varer lenger og gir ei betre brukaroppleving.

Læringsressurser

Kvalitet og dokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter