Hopp til innhold

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som mulighetChevronRight
  4. Retorikk og argumentasjonChevronRight
  5. RetorikkChevronRight
  6. Takk, kjære Ivar!ChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Takk, kjære Ivar!

Det nasjonale språkåret 2013 vart avslutta 6. desember med ei stor tilstelling på Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Thea Idsøe (23) fekk oppdraget med å halde avslutningstalen på arrangementet.

Det nye, moderne museumsbygget på Ivar Aasen-tunet. Snødekte fjell i bakgrunnen, og blå himmel. Foto.

"Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld. Den stille nedbrytaren av grenser, den rolege og sikre oppbyggaren av eit folk." Desse linene sa Tarjei Vesaas om Aasen.

Språkåret 2013 har overtydd meg om at eg er eitt av desse frie menneska.

Kjære Ivar, ja, du står meg faktisk nær. Trass i at du ikkje kjenner meg, så kjenner eg deg, di historie og ditt livsverk. Det er takka vere det at eg kan sjå meg fritt omkring. I kveld vil eg takka deg.

Kjære Ivar. Du hadde eit livsprosjekt, du ofra fleire tusen mil, og endå fleire kaloriar for å gjennomføre det. Dette gjorde du for at avstanden mellom mitt talte og skrivne ord skulle verte minst mogeleg. Du brøytte ned grensene mellom makta og folket. Du fann og systematiserte hjartespråket mitt.

Somme vil hevde det er svevande å påstå at ein er eit fritt menneske fordi ein får lov til å skrive nynorsk. Eg spør meg sjølv om desse menneska har tenkt over kva språket betyr for oss? Språket er fundamentalt for at vi skal lukkast. Eg kan ha tusen gode argument, eit mangfald av tankar og idear, men så lenge eg ikkje får formidla dei, kjem eg ingen veg. Språket er mitt viktigaste verktøy for å lukkast som menneske.

Språk gir meg makt. Makt til å overtale. Språk gir meg sjansen. Sjansen til å delta i og påverke samfunnet eg er ein del av. Og sist, men ikkje minst. Språk er lidenskap. Det er kjærleik, hat og heftig debatt.

Kjære Ivar. Korleis ville kvardagen min vore utan deg? Det hadde vore ein kvardag der avstanden ville vere lengre mellom det talte ordet og det skrivne ordet. Det hadde vore ein kvardag der kjærleik, lagnad og røynd vart til kjærlighet, skjebne og virkelighet på papiret. Tunga mi ville vore kløyvd mellom det eg sa og det eg skreiv. Gjennom pennen ville argumenta mine falma, krafta mi vorte veikare og engasjementet mitt ville døydd ut. Utan deg, Ivar, ville uttrykket mitt vore fattigare, identiteten min svakare og fridomen min ville vore innskrenka.

Kjære Ivar. I år er det 200 år sidan du vart fødd. Og i år har vi feira deg. Men ikkje minst har vi feira bokmålet, teiknspråket, urfolksspråka og dei nye innvandrarspråka i landet vårt. Vi har feira deg, språkmangfaldet og språktoleransen. Vi har feira demokratiet, sjansen og lidenskapen språk gjev oss.

Det er ein kamp verd å kjempe kvar einaste dag. Kampen for at fleire skal kunne uttrykke seg utan kløyvd tunge. Kampen for at fleire skal kunne kjenne seg frie. Kampen for at fleire skal kunne få bruke hjartespråket sitt, at fleire skal verdsette hjartespråket sitt og vere stolte av det, anten det er bokmål, samisk, nynorsk eller kvensk. For det er først når vi nyttar hjartespråket vårt at argumenta kjem til sin rett og demokratiet vert komplett.

Om det er éin ting Språkåret 2013 har lært oss, så er det at eit fleirspråkleg Noreg ikkje er nokon veikskap. Det er ein rikdom, ein rikdom vi bør feire kvar einaste dag.

Med dette erklærer eg Språkåret 2013 for offisielt gjennomført, og at vi aldri må slutte å bry oss om verdien av nynorsk, verdien av bokmål, verdien av det språklege mangfaldet i Noreg. Så lenge det er språk, kjem det år.

Læringsressurser

Retorikk