Hopp til innhold

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. Frå bokmål til nynorskChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Frå bokmål til nynorsk

Kva skil bokmål frå nynorsk? Sjølv om mykje er likt, kan vi ikkje alltid bruke dei same orda eller formuleringane.

Skilt i butikk med ordet saltknask. Foto.
Ein butikksjef laga sine eigne skilt med nynorske ord. Kva trur du står på tilsvarande skilt på bokmål?

Korleis går du laus på nynorske skriveoppgåver? Somme av dei som har nynorsk som sidemål, legg seg til vanen med å skrive teksten først på bokmål, for så å omsetje til nynorsk. Det er sjeldan ein god idé, ikkje minst fordi nynorsk har litt andre krav til ordstillinga enn bokmål. Det er betre om du prøver å kople hjernen din over på nynorske ord og nynorsk setningsoppbygning med ein gong.

For å få til det må du øve på dei viktigaste forskjellane, slik at du ikkje treng å slå opp så mykje medan du skriv. I dette emnet finn du artiklar og omsejtingsøvingar som kan hjelpe deg å lære deg kva for ord du bør bruke på nynorsk.

Læringsressurser

Frå bokmål til nynorsk