Hopp til innhold

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. NynorskkursChevronRight
  5. Kva kan du frå før om aktiv og passiv uttrykksmåte?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Kva kan du frå før om aktiv og passiv uttrykksmåte?

Aller først i denne læringsstien skal du friske opp nokre fagomgrep, og du skal sjekke kva du hugsar om aktiv og passiv verbform i nynorsk.

Fingre som snakker sammen. Illustrasjon.

Oppgåve 1

I denne læringsstien kjem du til å møte nokon fagomgrep om verb. Sjekk om du kjenner dei!

Oppgåve 2

Du kan sikkert noko om aktiv og passiv frå før?

  1. Sjå på dei tre setningane under. Kva for setningar står i passiv, kva for ei setning har aktiv verbform?
  2. Kva slags informasjon manglar i passiv-setningane, samanlikna med setninga som har aktiv verbform?
  3. I nynorsk kan vi danne passiv på to ulike måtar. Korleis?

Eksempelsetningar

  1. Endene blir mata.
  2. Endene må matast.
  3. Barna matar endene.

Oppgåve 3

Kva meir kan du om passiv?

  1. Sett setninga om til nynorsk og bruk passiv med bli: “Endene mates klokka femten.”
  2. Finn feilen i denne setninga: “Endene skal matas klokka femten.”
  3. Sett om til nynorsk: “Billetten kan hentes på stasjonen.”
  4. Peik på det som ikkje er bra i denne setninga, og kom med eit betre forslag: “Dette avsnittet lesast høgt.”
  5. Begge setningane under er skrivne på korrekt nynorsk. Likevel er den eine av dei ofte betre nynorsk enn den andre. Kva for ein uttrykksmåte er ofte best, og kvifor?
    1. Prisen blei overrekt av statsministeren.
    2. Statsministeren overrekte prisen.

Læringsressurser

Nynorskkurs

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter