Hopp til innhold

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som systemChevronRight
  4. NynorskkursChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Nynorskkurs

Dette mini-kurset i nynorsk passar for deg som har nynorsk som sidemål. Du er ikkje utlært i nynorsk om du kan det du lærer her, men du har komme eit godt stykke på veg!

Ei tavle som viser logoen til et nynorskkurs. Foto.

Eit kurs som bygger på bokmålsnære former

I 2012 fekk vi ei ny skrivenorm for nynorsk. Nå finst det ikkje lenger såkalla sideformer – alle formene som står i ordlista, er hovudformer. Mange ord har nå berre éin rett skrivemåte i nynorsk. Før kunne elevar for eksempel velje mellom berre og bare, eller mellom nokon og noen. Nå må det heite berre og nokon.

Ein del ord kan framleis skrivast på fleire måtar, som for eksempel no og . Og ofte finst det synonym der eitt av orda er meir bokmålsnært enn det andre, som nyheit og nyhende. I desse tilfella har vi i nynorskkurset vårt valt dei formene som ligg nærmast bokmål. Bli derfor ikkje forskrekka om du møter ord og former som i staden for no, eksempel i staden for døme, sitte i staden for sitje osv. – alle desse formene kan du fint bruke i både nynorsk og bokmål!

Andre gode hjelpemiddel

Gå gjerne på Språkrådet sine nettsider, der finn du ein omfattande nynorsk-grammatikk og mange interaktive oppgåver: Språkrådet sine nynorsksider for elevar.

Læringsressurser

Nynorskkurs

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs