Hopp til innhold

Fagstoff

Eksamensordning KK2 og KK3

I mai og juni er det eksamen for VG2 og VG3. I faget kommunikasjon og kultur 2 kan du bli trekt ut til anten muntleg eller skriftleg eksamen.
Eit lokale klart til skriftleg eksamen. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Skriftleg eksamen

Du kan kome opp til skriftleg eksamen i Kommunikasjon og kultur 2 og 3. Denne eksamenen er sentralgitt, som vil seie at han er laga av Utdanningsdirektoratet og han skal leverast elektronisk. Eksamensordninga har ein førebuingesdag. Då vil ein få eit førebuingshefte der det kjem fram noko om tema og problemstillingar.

Informasjon og tips om skriftleg eksamen i Kommunikasjon og kultur

Informasjon og tips om den skriftlege eksamensordninga finn du her:

Munnleg eksamen

Lokalgitt eksamen

Eksamensoppgåva blir laga ved kvar enkelt skule og blir derfor kalla lokalgitt. Det er faglærarane som lagar eksamensoppgåvene, men ein ekstern oppnemnd sensor vil kvalitetssikre oppgåvene før dei blir vedtekne. Skuleeigaren kan fastsetje lokale retningsliner for å gjennomføre lokalt gitt eksamen.

Trekkfag - 48 timar før eksamen

Sidan Kommunikasjon og kultur 2 og 3 er trekkfag, kan du som elev bli trekt ut til å ha eksamen i faget. Trekkinga av faget du kjem opp i vil bli kunngjord 48 timar før sjølve eksamenen. Det er vanleg at grupper på 6-8 elever kjem opp i samme faggruppe/klasse.

Førebuingsdel - 24 timar før eksamen

Frå våren 2014 blei det endringar i forskrifta om munnleg eksamen.[1] Han skal no ha ein obligatorisk førebuingsdel. Dette tyder at du 24 timar før sjølve eksamen får eit tema eller problemstilling. Du skal så utarbeide ein presentasjon knytt til dette. Du bør ikkje lage ein presentasjon der du brukar meir tid enn 10 min (du kan halde presetasjonen for deg sjølv og sjå på klokka) I førebuingstida er alle hjelpemiddel tillatne.

Sjølve eksamen - inntil 30 min.

Det einaste du kan ta med deg på eksamen er dine eigne notat og relevante hjelpemiddel som har med presentasjonen du har førebudd å gjere.[2] Det vil normalt bli satt av 10 min. til presentasjonen (inntil 1/3 av eksaminasjonen). I dei øvrige 20 minutta skal de samtale om problemstillingar med utgangspunkt i det som du har presentert, slik at du får moglegheit til å syne kva for kompetanse du har i faget. Eksamenskarakteren skal setjast på grunnlag av den kompetansen du syner på sjølve eksamen.

CC BY-SASkrevet av Eli M. Huseby og Kristin Bøhle.
Sist faglig oppdatert 08.01.2019

Læringsressurser

Om Kommunikasjon og kultur 3