Hopp til innhold
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Øvelse

A-verb

Mange elevar bøyer a-verb feil når dei skriv nynorsk.
Størsteparten av verba i nynorsk er a-verb. Derfor er det lurt å bli heilt trygg på korleis dei blir bøygde.

A-verb er ei gruppe verb som vi bøyer etter dette mønsteret på nynorsk:

  • å kaste – eg kastar – eg kasta – eg har kasta

På bokmål har desse verba -er i presens (nåtid). I fortid (preteritum og presens perfektum) kan dei få -et eller -a:

  • å kaste – jeg kaster – jeg kastet – jeg har kastet

ELLER

  • å kaste – jeg kaster – jeg kasta – jeg har kasta

Mange gløymer at a-verb skal ende på -ar i presens (notid) i nynorsk. Dei skriv altså “eg kaster” i staden for det som er rett, nemleg “eg kastar”.

Fortidstesten

Slike feil kan du lett luke bort om du tar fortids-testen: “I går pratet/prata jeg”. Om du seier -et eller -a i ditt eige talemål, kan du gå ut frå at verbet er eit a-verb også i nynorsk.

Eksempel

Du lurer på om verbet "sykle" er eit a- eller e-verb. Kva seier du på di eiga dialekt i fortid? Du vil nok seie "sykla" eller "syklet", og då veit du at det mest sannsynleg er eit a-verb.

Øving 1

Øving 2

Sett om til nynorsk. Obs! Her må du passe på litt meir enn verbbøying!



Sist oppdatert 16.08.2019
Skrevet av Åsa Abusland

Læringsressurser

Nynorskkurs

Hva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Læringssti

Oppgaver og aktiviteter