Hopp til innhold
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Øvelse

Bøying av hokjønnsord og hankjønnsord

Når du har lært deg bestemt form eintal-testen, klarer du stort sett å bestemme kjønnet på substantivet. Neste steg er å lære deg bøyingsmønstera for hankjønnsord og hokjønnsord.

Bokmålsreglane

Først skal vi ta litt om bokmålsbøying. På bokmål blir hankjønnsord og hokjønnsord bøygde likt i fleirtal:

  • en stol – stolen – stolerstolene
  • ei jente – jenta – jenterjentene

Du kan og bøye alle hokjønnsorda på same måten som hankjønnsorda: en jente – jenten – jenter – jentene. Da skriv du såkalla konservativt bokmål.

Nynorskreglane

På nynorsk kan vi ikkje “slå saman” hokjønnsord og hankjønnsord på denne måten. Men hovudreglane for bøying av hankjønnsord og hokjønnsord er likevel enkle å lære seg:

Hokjønnssubstantiva skal bøyast slik:

  • Ei jente – jenta – jenter – jentene

Hankjønnssubstantiva får -ar og -ane i fleirtal:

  • Ein gut – guten – gutar – gutane

Øving 1

Fyll inn rett form av substantivet eller artikkelen. Hugs også at ord på -ing og
-ning er hokjønnsord i nynorsk.

Øving 2

Sist oppdatert 14.08.2019
Tekst: Åsa Abusland (CC BY-SA)

Læringsressurser

Nynorskkurs

Hva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Læringssti

Fagstoff

Oppgaver og aktiviteter