Njuike sisdollui
Oahppanbálggis

Don leat dál muhtin oahppobálgás:
Sterke verb

Hárjehus

Øv på sterke verb: etappe 6

Nå skal du lære deg tolv sterke verb som blir bøygde (nesten) som på bokmål.

Bøying av sterke verb

InFinitiv

Presens

Preteritum

Presens perfektum

å beeg bereg badeg har bedt

å bli

eg blireg bleieg har blitt

å dra

eg drareg drogeg har dratt

å få

eg fåreg fekkeg har fått

å gi

eg gireg gaveg har gitt

å gå

eg gåreg gjekkeg har gått

å la

eg lareg leteg har latt

å le

eg ler eg loeg har ledd

å sjå

eg sereg sågeg har sett

å slå

eg slåreg sloeg har slått

å stå

eg ståreg stodeg har stått

å ta

eg tareg tokeg har tatt

Sterke verb – eller?

No lurer du kanskje? For er det ikkje slik at sterke verb endar på -e i perfektum partisipp, ikkje på -t eller -d? Det har du faktisk heilt rett i.

Men i moderne norsk er det dei svake verba som er vinnarane i verbkonkurransen. Ikkje nok med at vi automatisk bøyer alle nye verb i språket vårt svakt (eg googlar – eg googla – eg har googla, for eksempel): Ein del sterke verb har dessutan “meldt overgang” til dei svake verba, anten heilt eller delvis. Det er derfor nokon av verba ovanfor har perfektum partisipp som endar på -tt.

Enkelte av verba på lista ovanfor kan bøyast på to måtar. Verbet å ta kan bøyast sterkt heile vegen: eg tek – eg tok – eg har teke, eller det kan bøyast delvis svakt, som i bokmål: eg tar – eg tok – eg har tatt.

Det same kan vi gjere med verbet å gi. På nynorsk kan det heite eg gir – eg gav – eg har gitt, eller eg gjev – eg gav – eg har gjeve.

Det enklaste for deg med bokmål som hovudmål er halde deg til dei formene som nærmast bokmål. Vi har derfor berre sett opp desse formene i lista ovanfor.

Øving

Hugs stor bokstav og teiknsetting!



CC BY-SA 4.0Dán lea/leat čállán Åsa Abusland ja Marion Federl.
Maŋemusat ođastuvvon 2019-07-02