Hopp til innhald

  1. Home
  2. Mediesamfunnet Vg1ChevronRight
  3. Ytringsfridom og ytringsansvarChevronRight
  4. Kaotisk presidentdebattChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Kaotisk presidentdebatt

Det blei heitt og kaotisk i den første valdebatten mellom Donald Trump og Joe Biden hausten 2020. TV-debatten var prega av stadige avbrytingar, og presidentkandidatane brukte hard retorikk då dei skulle argumentere mot kvarandre.

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Bilete av Trump og Biden i valdebatten hausten 2020. Foto.

USA, hausten 2020: Millionar av TV-sjåarar blei vitne til ein debatt prega av konflikt og bitre personangrep, som «hald kjeft», «klovn» og «rasist». Donald Trump og Joe Biden gjekk rett i strupen på kvarandre i den første valdebatten.

Les dei relaterte artiklane og set deg inn i saka:

  1. VG: Les om debatten og sjå videoklipp.
  2. Gå inn på Snapchat-saka til NRK Nyheiter.

Tenk over:

  • Kva konsekvensar kan avsporing av viktige debattar få?

Valdebatt og demokrati

Valdebattar gir politikarane moglegheit til å setje fokus på sin eigen politikk. Ein frisk debatt er i utgangspunktet noko positivt, men bruk av personangrep kan øydeleggje debattklimaet. Krangling og stadige avbrytingar skuggar for saka. Viss debattantane ikkje får fullført resonnementa sine, går det utover informasjonen som sjåarane sit igjen med. Det er viktig at folk har brei informasjon om dei ulike partia før dei går til val. Viss ikkje folk stoler på politikarane, får vi eit demokratisk problem.

Media har som oppdrag å ta vare på det offentlege ordskiftet, og i Noreg har TV-debattar lenge spelt ei sentral og viktig rolle i valkampar. Nyheitsmedia har eit spesielt ansvar for å informere om det som skjer og leggje til rette for debatt og diskusjon. Valdebattar er ein arena der veljarar skal bli informerte om politiske parti og standpunkt.

Oppgåve 1: Diskuter desse spørsmåla i grupper:

  • Kva tenkjer de om personangrepa Trump og Biden rettar mot kvarandre i valdebatten?
  • Korleis kan nedsettande ytringar og personangrep mellom to presidentkandidatar påverke det offentlege ordskiftet?
  • Kan krangling og avsporing av viktige diskusjonar skape politiarforakt? På kva måte?
  • På kva måte kan debattar som dette få konsekvensar for demokratiet?
  • Korleis vil du vurdere TV-sendte debattar i forkant av val i Noreg? Er dei prega av krangling og personangrep, eller er dei opplysande? Grunngi og vis til døme.

Oppgåve 2: Debattutsegn blir til mem

Joe Bidens fråsegn retta mot Donald Trump – «Will you shut up, man», eller «Kan du halde kjeft, mann» på norsk – fekk mykje merksemd i etterkant av debatten. Mange laga ulike mem med bakgrunn i Bidens fråsegn.

Mem, engelsk meme, er et kulturelt uttrykk som sprer seg ved etterligning eller kopiering og utvikler seg gjennom utvelgelse – i dag særlig bilder, video eller tekst som spres digitalt og utvikles underveis.

(Kjøll & Dahl, 2020)

  1. Søk på Google og finn mem relatert til Joe Bidens fråsegn: «Will you shut up, man».

  2. Lag ditt eige mem med referanse til denne fråsegna. Memet kan bestå av eit bilete, ein illustrasjon eller ein video med ein kort tekst som du kan knyte til saka.
  3. Tenk over: Kva påverknadskraft har mem som dette?

Kjelder

Bjøntegård, M. K., Vatnøy E. (2019) «De bare krangler». Nordmenns holdninger til TV-sendte valgdebatter, Idunn. Henta 02.10.20, frå https://www.idunn.no/tfs/2019/03/de_bare_krangler_nordmenns_holdninger_til_tv-sendte_valg

Kjøll, G. & Dahl, A. (2020, 31. august). Mem. I Store norske leksikon. Henta 6.10.20 frå https://snl.no/mem

Sist oppdatert 01.10.2020
Tekst: Eva Sophie Wolff-Hansen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar

MenuBook

Læringssti

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar

MenuBook

Vurderingsressurs