Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Noreg etter 1945ChevronRight
  5. VelferdsstatenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Velferdsstaten

Det norske velferdssystemet har anar tilbake til tidleg i førre hundreåret, men vart for alvor gjennomført etter 2. verdskrigen. Målet var å sikre alle norske innbyggjarar eit økonomisk tryggleiksnett. Med innføringa av folketrygda i 1967 vart den norske velferdsstaten verkeleg ein realitet.

Stortinget opplyst på kvelden. Foto.

Sosiale reformer

At staten skulle ta vare på sine eigne innbyggjarar, er ingen ny tanke. I Noreg spelte partiet Venstre dei første tiåra etter 1900 ei stor rolle i reformer som skulle komme innbyggjarane i landet til gode. Gjennom ei rekkje sosiale reformer vart fleire grupper i samfunnet ivaretekne og sikra eit minimum av økonomisk tryggleik. Spesielt vart kvinnene sin posisjon styrkt gjennom stemmerett i 1913 og «dei Castbergske barnelovene» i 1915, der det vart lovfesta at menn hadde forsørgjaransvar.

80000 arbeidsløse krever flertall for Arbeiderpartiet. Tekst på valgplakat. Trykk.
AP Valplakat: 80 000 arbeidsløyse krev fleirtal for Arbeidarpartiet

Den økonomiske og politiske turbulensen i mellomkrigstida gjorde det vanskeleg å innføre nye velferdsgode, men etter kriseforliket i 1935 vart velferdsstaten utvida ytterlegare. I åra fram mot krigen vedtok Stortinget lover om omsorg for blinde og vanføre (1936), uføretrygd (1936–1937), utvida sjuketrygd (1935–1936), behovsprøvd alderstrygd til kvinner og menn over 70 år (1936) og arbeidsløysestrygd (1938). I desse åra vart velferdsreformer prioriterte framfor auka militær opprusting.

Den moderne velferdsstaten

Fellesprogrammet vidareførte denne velferdspolitikken. Etter gjenreisingsperioden vart krav om nye velferdsgode igjen tydelege. I løpet av eit par tiår skulle alle nordmenn bli sikra nødvendig økonomisk støtte frå det offentlege dersom deira eige livsgrunnlag svikta. Taterar, romfolk og den samiske befolkninga ville kanskje meine at dette ikkje var tilfelle for dei.

Dagens norske velferdssystem vart til på 1950- og 1960-talet. Då vart trygdesystemet vårt og dei offentlege tenestene innanfor helse-, sosial- og utdanningssektorane bygde ut. Barnetrygd kom i 1946, og i 1957 fekk vi alderstrygda (utan behovsprøving). Mange trygdeordningar vart samla i folketrygda i 1967, sjølve hjørnesteinen i den norske velferdsstaten.

Trygd er ei offentleg forsikring som gir personar som bur i Noreg, økonomisk støtte ved sjukdom, svangerskap og fødsel, arbeidsløyse, alderdom, uføre, dødsfall og tap av forsørgjar.

Den grunnleggjande tanken bak velferdsstaten er at staten har teke på seg ansvaret for å sikre velferda til alle i samfunnet. Blant anna skal dei som ikkje er i stand til å forsørgje seg sjølv, sikrast livsopphald. Ein annan ting er at det skal lønne seg å jobbe. Mange av dagens velferdsordningar får ein del i gjennom det å jobbe, og vere inkludert i samfunnet.

Eit av hovudmåla er ei omfordeling av inntektene. På den måten er vi som borgarar sikra minimumsinntekt og omsorg, uavhengig av prestasjon i arbeidslivet og statusen vår i samfunnet. Derfor er høg grad av likskap og lite fattigdom eit fellestrekk ved dei nordiske samfunna.

Folketrygda

Arbeidarpartiet sat med regjeringsmakta i heile perioden 1945–1965, med unnatak for ein knapp måned i 1963, og den moderne velferdsstaten vart bygd ut i sosialdemokratisk regi. Men alle dei politiske partia stilte seg bak ønsket om tryggleik og utjamning. Sosialpolitikken vart eit tydeleg uttrykk for etterkrigstida si samling om felles verdiar – og den borgarlege regjeringa som styrte frå 1965–1971, gjennomførte folketrygdreforma som sjølve krona på verket.

Folketrygda er regulert i lov om folketrygd (folketrygdlova) og omfattar blant anna desse ytingane:

  • alderspensjon
  • arbeidsløysetrygd
  • uføretrygd
  • sjukepengar
  • arbeidsavklaringspengar
Folkemasser i tog på Karl Johan med slagord om velferdsstaten. Foto.
Folkemasse på Karl Johan

Kjelde

Even Lange: Trygghet og økt velferd, Norgeshistorie.no 2015

Læringsressursar

Noreg etter 1945

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Førstereis i handelsflåtens gullalder

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Førstereisguten Bjørn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    17 år gammal førstereisgut i 1974

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Jan reiste ut i 1956

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter