Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Diskusjonsoppgåver: «Forboden kjærleik» ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Diskusjonsoppgåver: «Forboden kjærleik»

Her skal du jobbe med oppgåver knytte til forfølginga dei såkalla tyskarjentene møtte i perioden etter at freden kom til Noreg våren 1945. Svar på spørsmåla på eiga hand før de går saman i grupper for å diskutere.

Og dansen går... Plattdans i Finnmark under andre verdenskrig. Norske kvinner og tyske soldater. Bildet er i farger. Foto.

Oppgåve 1

  1. Vi veit at ca. 5000 norske jenter og kvinner vart jaga og skamklipte på hovudet dei første fredsvekene. Var dette ei passande straff? Grunngi svaret ditt.
  2. Kva slags lovbrot hadde dei gjort?
  3. Mange kvinner vart internerte og sende ut frå landet. Korleis stod dette i forhold til det kvinnene hadde gjort, nemleg å forelske seg i, eller henge med tyske soldatar? Kan du forstå reaksjonen mot tyskarjentene etter krigen? Grunngi svaret ditt.
  4. Var det same straff for dei som hadde tent økonomisk på å samarbeide med tyskarane? Kvifor triur du det var sånn?

Oppgåve 2

Sjå på faksimilen av Arbeiderbladet i april 1947.

Faksimile fra Arbeiderbladet, 19. april 1947. Hovedsaken har overskriften "Omtrent alle tyskerjentene var mer eller mindre åndssvake". Foto av avisside.
  1. Korleis kunne dei norske jentene forelske seg i fienden? Trur du dei forstod kva konsekvensar det kunne få?
  2. Jentene vart omtalte som mindre gåverike. Var dei det, eller var dei berre unge og midt i «forelskingsalderen»?

Oppgåve 3

  1. Det kan verke som om kvinnene hadde eit spesielt moralsk ansvar under krigen. Dei skulle ikkje forelske seg i dei tyske soldatane. Kvifor trur de at det var slik?
  2. Finst det forboden kjærleik i dag også? Drøft.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale