Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Album frå konsentrasjonsleirane Natzweiler og DachauChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Album frå konsentrasjonsleirane Natzweiler og Dachau

Eit album med teikningar og akvarellar frå fangelivet i konsentrasjonsleirane i Natzweiler og Dachau er i dag ein del av Noreg si dokumentarv. Det var Rudolf Næss som laga albumet i perioden 1945-1947.

Illustrasjon fra Rudolf Næss' fangalbum med tegninger og akvareller fra fangelivet i konsentrasjonsleire under andre verdenskrig. Bildet viser to fanger som er hengt mens andre fanger og soldater står og ser på. Akvarell.

Albumet består av 40 teikningar og akvarellar, og gjev informasjon om korleis leirane var bygde opp, og innsikt i livet til fangane.

Rudolf Næss

Rudolf Næss vart fødd i 1914. Han vaks opp i Oslo, men flytta til Bergen då han var fjorten år. Under krigen deltok han i illegale arbeid og vart arrestert 25. juni 1942. Han satt arrestert først på Veiten, deretter på Ulven og vart overført til Grini 19. august 1943.

30. september 1943 vart Næss sendt til Natzweiler. Etter evakueringa av Natzweiler i byrjinga av september 1044 vart han overført til Dachau, Ottobrunn og Dautmergen og deretter tilbake til Dachau.

Rudolf Næss vart berga av dei kvite bussane 21. mars 1945.

Om albumet

Vel heime i Bergen heldt Rudolf Næss fram med arbeidet som illustratør og teiknar. Straks etter heimkomsten fekk han tak i fotografi med detaljrik informasjon om leirane. Denne kunnskapen kombinert med eigne minne frå opphaldet i Natzweiler og Dachau var grunnlaget for teikningar og akvarellar frå fangelivet. I 1947 gav han bileta til Universitetsbiblioteket i Oslo.

Albumet er eit uttrykk for skjebnen og erfaringane til alle dei norske fangane i tysk krigsfangenskap under den andre verdskrigen. Det er mange som har formidla det harde leirlivet i biografiar og minnebøker. Det spesielle med albumet til Rudolf Næss er at minne og erfaringar ikkje er omsette til ord men blir formidla direkte, kjenslemessig og sterkt med ein serie bilete.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale