Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Skolen i Finnmark og Nord-Troms under den andre verdskrigenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

Skolen i Finnmark og Nord-Troms under den andre verdskrigen

Eit overordna føremål med historiefaget er å fremje evna til å vurdere og arbeide vidare med historisk materiale. Dette vil ofte seie å tolke skriftlege kjelder, ein metode vi kallar hermeneutikken. Her skal du få prøve deg som historieforskar.

skolebarn med norske flagg foran ruinene av en skole i Vadsø etter nedbrenningen av Finnmark. Januar 1945. Foto.
Skolebarn med flagg framfor ruinane av ein skole i Vadsø etter nedbrenninga av Finnmark.

I desse oppgåvene skal du første og fremst vurdere og bruke kjelder om skolesituasjonen i Finnmark og Nord-Troms under den andre verdskrigen. Du skal også vurdere kva arkiva har å seie.

Oppgåve 1

Studer vedlagde skolestatistikk for Finnmark, 1941-42.

Skolestatistikk for Finnmark 1941-42. Folkeskolen i bygdene

Filer

a) Kva slags type kjelder er dette? Primærkjelder eller sekundærkjelder? Leivning eller forteljing? Førstehandsforteljing eller andrehandsforteljing?

b) Kva for informasjon kan du trekke ut frå dokumenta?

Oppgåve 2

Dei vedlagde dokumenta handlar om skolearkiv under den andre verdskrigen.

Brev til skoledirektøren i Finnmark om skolestatistikken for 1943/44

Vurder: Kva har arkiva å seie for samfunnet og historieskrivinga?

Oppgåve 3

Kjelder

Til skoledirektøren om skoleforhold i Alta, 1943

Filer

Forsøk å skrive om skolesituasjonen i Finnmark og Nord-Troms under den andre verdskrigen med utgangspunkt i det utvalde kjeldematerialet. Bruk også sekundærlitteratur. Hugs riktig kjeldetilvising i teksten.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale