Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Skolesituasjonen i Finnmark og Nord-Troms under den andre verdskrigenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Skolesituasjonen i Finnmark og Nord-Troms under den andre verdskrigen

Vinteren 1944-45 var 100 000 tyske soldatar stasjonerte i Aust-Finnmark. Mange stader var talet på soldatar høgare enn talet på lokale innbyggarar. Mange skolar vart brende, og det vart stor mangel på lærarar. Tapt utdanning som følgje av krigen var særleg ein konsekvens for folket i Finnmark og Nord-Troms.

Fra Manndalen i Kåfjord, bare skorsteinene står igjen etter nedbrenningen. Mai 1945. Foto.

Okkupasjon

Hausten 1940 var Troms og Finnmark under tysk okkupasjon. Som ein del av Hitler sin hemmelege plan om eit overraskingsåtak på Sovjetunionen, vart det sett i gang ei stor tysk styrkeoppbygging i Finnmark. Det at Hitler frykta ein alliert invasjon i Nord-Noreg, førte til at okkupasjonsstyrken vart særleg stor i Finnmark. Hitler såg også på Nordkalotten som eit skjebneområde for krigen, der siger på Nordfronten vart rekna som avgjerande. Tyskland sitt åtak på Sovjetunionen kom i juni 1941 – Finnmark vart oppmarsjområde for den tyske frontlinja mot Nord-Russland.

Den tyske okkupasjonen var særleg omfattande i Nord-Noreg, og særleg i Finnmark. Vinteren 1944-45 var 100 000 tyske soldatar stasjonerte i Aust-Finnmark. Mange stader var talet på soldatar høgare enn talet på lokale innbyggarar. I Porsanger auka til dømes folketalet frå 3 000 til 30 000. Mangel på opphaldsrom for soldatane førte til at tyskarane rekvirerte og invaderte bustader, kontorbygg, skolar og andre offentlege lokale.

Frigjering, tvangsevakuering og ”brend jords taktikk”

Hausten 1944 dreiv Den raude arméen dei tyske styrkane ut frå Kolahalvøya. Frigjeringa i Finnmark starta med invasjonen frå dei sovjetiske styrkane 18. oktober 1944, og ikkje lenge etter var Kirkenes gjenerobra (25. oktober). For å hemje framrykkinga til Den raude arméen, gav Hitler den 28. oktober 1944 ordre om at Finnmark og Nord-Troms skulle totaløydeleggast og folket tvangsevakuerast. Vel 75 000 menneske måtte forlate alt dei eigde og hadde, om lag 50 000 av desse vart evakuerte sørover. Ein stor del av folket vart altså verande igjen. "Den brende jords taktikk" utsletta det meste av bygg og husvære mellom Tanaelva og Lyngenfjorden i Troms: omlag 11 000 bustadhus, 4 700 fjøs, samt hundrevis av andre bygg som kyrkjer, sjukehus og skolar.

Aust for Tana rakk ikkje tyskarane fullt ut å gjennomføre orden om brenning, då dei flykta frå Den raude arméen. Her var fleire byar alt øydelagde etter russisk og britisk bombing under okkupasjonstida. Særleg byane ved Murmansk-fronten – Kirkenes, Vardø og Vadsø – låg utsette til for flyåtak under krigen.

I Noreg vart folk i Finnmark og Nord-Troms utsette for dei verste påkjenningane under den tyske okkupasjonen og tilbaketrekkinga (Petterson, 1994). I ettertid skildra Kong Olav evakueringa og brenninga av Finnmark og Nord-Troms som "den største katastrofen i norsk historie sidan svartedauden".

Tapt utdanning på grunn av krigen

Svein Lund (2005) har peika på at tapt utdanning som følgje av den andre verdskrigen særleg var ein konsekvens for folket i Finnmark og Nord-Troms. I okkupasjonstida vart mange skolar og internat rekvirerte av tyskarane. Vidare vart vel 150 skolar brende. I Finnmark stod berre 16 av 70 skolebygg igjen etter krigen, og 10 av dei 40 internata. Heile 15 av kommunane i Finnmark mangla skolar. Nord-Troms vart også hardt råka.

I tillegg til krigshandlingane førte mangel på lærarar til tapt skolegang. Mange lærarar vart oppsagde, eller arresterte og sende til fangeleirar fordi dei motsette seg nazifiseringa av skolen. Også andre tilhøve førte til tapt skolegang, som mangel på sko, klede, mat og brensel. Nettopp i områda som vart brende budde størsteparten av dei elevane som hadde anna morsmål enn norsk.

For dei samiske og kvenske elevane kom omstenda frå krigen i tillegg til fornorskingspolitikken.

Litteraturliste:

  • Arvid Petterson: "Finnmark i flammer - et 50-årsminne", i Ottar nr 4/1994.
  • Knut Einar Eriksen og Terje Halvorsen: "Frigjøring", bind 8 i Norge i Krig, Aschehoug, 1988.
  • Kristian Husvik Skancke: "Redningsoperasjonen på Sørøya. Bakgrunn og strategisk kontekst." Masteroppgåve i historie, Universitetet i Tromsø, 2010.
  • Nina P. Mølmann og Heidi Stenvold: "Brent jord" i Levende historie nr 2/2014.
  • Svein Lund: "Samer uten utdanning - 20 års kamp" i Samisk skolehistorie I, Davvi Girji, Karasjok 2005.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale