Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Verving til Den norske legionChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Historiske kjelder

Verving til Den norske legion

Den tyske okkupasjonen av Noreg varte i fem år frå 1940 til 1945. Okkupasjonsmakta gjorde Nasjonal samling (NS) til det einaste lovlege partiet i Noreg og innsette Vidkun Quisling som ministerpresident. Men korleis rekrutterte NS medlemmer til tysk krigsteneste?

Den norske Legion overrekker Vidkun Quisling en fane på slottsplassen i Oslo i 1942.
Den norske legion og Vidkun Quisling på Slottsplassen i Oslo i 1942.

Den norske legion

Propagandaplakat for Den norske legion

Den norske legion (SS-Freiwilligen-Legion Norwegen) var ei norsk avdeling av Waffen-SS som vart oppretta i 1941.

Oppgåve 1

Mange melde seg inn i NS, men NS ønskte også å rekruttere soldatar til ulike typar oppdrag – til dømes til SS. Det var behov for soldatar til å kjempe for «Finnlands frihet og Norges framtid», som det står i artikkelen Meld deg til innsats i Adresseavisen 1. mai 1942.

Kjelde

Avisartikkel som oppfordrer folk til å verve seg
Meld deg til innsats, Adresseavisen 1. mai 1942. Klikk på biletet for å sjå teksten i større versjon.
  1. Kva eigenskapar søkte ein hos rekruttane sine?
  2. Kva oppgåver skulle dei løyse?
  3. Kva skulle dei kjempe mot eller for?

Oppgåve 2

Oppfordring til verving til den norske legion Adresseavien 1.5.42
Oppmoding til verving til Den norske legion. Adresseavisen 1. mai 1942.

Fylkesmennene frå tida før krigen var bytte ut med NS- medlemmer. Dette var også tilfelle i Nord-Trøndelag. I 1942 hadde dei ein kampanje for å få rekruttert soldatar til Waffen SS og Den norske legion.

Kjelde:

Filer

Søk på nettet for å finne ut meir om Waffen SS og Den norske legion og les Vervebrev del I og del II.

  1. Kvifor skulle ein verve seg?
  2. Kva gode ville soldaten og familien hans oppnå ved å verve seg?

Oppgåve 3

Det vart send fleire svar til fylkesmann Eggen i Nord-Trøndelag frå ordførarane i Inderøy, Malm og Snåsa.

Kjelder:

Filer

  • Les svara. Kva trur du oppmodinga til ordførarane var?
  • Kva grunnar gir dei opp for at vervinga ikkje gjekk heilt etter planen?

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale