Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Nasjonal Samling – deltaking og rekrutteringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nasjonal Samling – deltaking og rekruttering

Nasjonal Samling var eit politisk parti stifta i 1933 av Vidkun Quisling. Det var sterkt prega av fascisme og etter kvart nasjonalsosialisme. Partiet fekk ikkje noko stortingsmandat ved vala på 1930-talet. I 1940 erklærte okkupasjonsmakta NS som det einaste lovlege partiet i Noreg.

Hirden defilerer foran Vidkun Quisling på Karl Johans gate 25. sep. 1942
Hirden defilerer framfor Vidkun Quisling på Karl Johans gate 25. sep. 1942.

Nasjonal Samling (NS)

Den 25.09.1940 gjorde den tyske okkupasjonsmakta NS til det einaste lovlege partiet i Noreg. Gjennom fem krigsår freista partiet å «nyordne» det norske samfunnet i tråd med ideologien sin.

I løpet av dei aller første dagane av okkupasjonen tok tyskarane kontroll over aviser og kringkasting, kino og teater ved hjelp av sensur. Medlemmer av Nasjonal Samling (NS) hjelpte dei etter kvart med det. Men korleis fekk ein rekruttert medlemmer til NS?

Vidkun Quisling

Vidkun Quisling. Foto.

1887–1945, offiser og politikar.

Forsvarsminister i bondepartiregjeringa 1931–33. Stifta Nasjonal Samling (NS) i 1933.

Utførte statskupp 9. april 1940, der han proklamerte seg sjølv som statsminister, men måtte trekkje seg attende 15. april etter tysk press.

Okkupasjonsmakta erklærte likevel i september 1940 NS som einaste lovlege parti i landet.

Vart utnemnd til «ministerpresident» og sjef for ei «nasjonal regjering» av ministrar som alle var medlemmer av NS, den 1. februar 1942.

Dømt til døden som landsforrædar og avretta ved skyting 24. oktober 1945.

Fascismen slår rot

Europa var i mellomkrigstida prega av frammarsjen av nazistiske og fascistiske rørsler. Nasjonal Samling kan sjåast som ein norsk utløpar av dette. Fascismen var prega av sterk nasjonalisme, arbeidarfiendtlegheit, kommunistfrykt, rasisme og anti-semittisme, og han var anti-demokratisk, militaristisk og imperialistisk. Denne politiske retninga slo gjennom i europeiske land som tapte første verdskrigen i 1918, eller der demokratiet var kvelt alt før det fekk ein sjanse.

NS veks raskt etter okkupasjonen

Før okkupasjonen var NS eit lite parti, men etter den tyske okkupasjonen auka medlemsmassen mykje. Partiet fekk også økonomisk støtte frå statskassa. Dette gjorde det mogleg å byggje opp eit stort partiapparat. Det høgste medlemstalet oppnådde partiet i 1943 da det hadde 43 400 medlemmer.

Middelklassa

Nasjonal Samling var under okkupasjonstida sett saman av folk frå heile befolkninga, men middelklassa var sterkast representert. Medlemsmassen hadde i gjennomsnitt høgare utdanning enn resten av befolkninga. Delen av funksjonærar og forretningsfolk var høgare enn mellom innbyggjarane elles. Samanlikna med andre parti hadde NS ein stor del kvinner, éin av tre NS-medlemmer var kvinne. Dette gjaldt også for ungdommen, over 30 prosent var under 30 år i åra 1940–45.

NS-folk i leiande posisjonar

Frå denne gruppa skulle det rekrutterast menn til å leie og kontrollere alle viktige institusjonar i samfunnet, unnateke handels- og industribedrifter. Hausten 1940 utnemnde det NS-leidde Innanriksdepartementet eit NS-medlem som ny fylkesmann. Så vart det kommunale sjølvstyret avskaffa, og nye ordførarar skulle styre etter førarprinsippet. Det vil seie at dei tok alle kommunale avgjerder sjølve og var ansvarlege berre overfor fylkesmannen, ikkje overfor innbyggjarane. Andre leiarar i offentleg forvalting vart skifta ut med NS-folk etter kvart, som politimeistrar og politiinspektørar, rektorar, brannsjefar – like til biskopen i Nidaros.

Jentehird og guttehird

Nasjonal Samlings Ungdomsfylking (NSUF) var delt inn i ein guttehird og ein jentehird. Namnet hird skulle knytte organisasjonane til gammal norrøn tradisjon og vikingtid. I Guttehirden var det eigenskapar som mot og hardheit som gjaldt. Jentehirden, eller Gjentehirden som dei skreiv, var oppteken av tradisjonelle kvinnelege verdiar. Dei som ønskte å melde seg inn i ungdomsrørsla til NS, måtte fylle ut eit skjema med mange punkt. Der måtte ein bevise at ein var av arisk avstamming og ikkje hadde jødar i familien.

I februar 1942 vart medlemskap i NS Ungdomsfylking gjort obligatorisk, og dette vart formidla frå Kyrkjedepartementet. Dette vekte sterke reaksjonar mellom lærarar og foreldre.

Plakat som reklamerer for å verve folk til hirden
Det var viktig å verve folk til hirden.

Obligatorisk medlemskap

«Enhver norsk gutt eller gjente skal for sin nasjonale oppdragelses skyld og for å tjene sitt folk og fedreland tjenstgjøre i N.S. Ungdomsfylking.»

Hirden marsjerer

I løpet av sommaren 1940 vart alle andre politiske parti enn Nasjonal Samling forbodne. Ut over hausten tedde partiets kamporganisasjon, «Hirden», seg stadig meir trugande i bygatene der dei marsjerte rundt i dei svarte uniformene sine. Etter at publikum hadde byrja å pipe etter at ein tysk propagandafilm vart synt som forfilm i Verdensteateret i Trondheim, gjekk Hirden laus på folk dei meinte hadde delteke i dette. Dei provoserte også til bråk i Studentersamfundet for å få avsett formannen der.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale