Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. LærarstridenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Historiske kjelder

Lærarstriden

Lærarstriden er namnet vi i ettertida har sett på uroa som følgde etter at NS-styret kravde at alle lærarane i landet skulle vere medlemmer av Norges Lærersamband. Det leidde til at ein del lærarar vart sagde opp og andre sende på straffarbeid i Finnmark.

Norske lærere ble arrestert for motstand mot nazifiseringen av den norske skolen. Her er 11 arresterte lærere på tvangsarbeid i Kirkenes våren 1942
Lærarar på tvangsarbeid i Kirkenes.

Norges Lærersamband

Norges Lærersamband vart oppretta av Nasjonal Samling i februar 1942. Det skulle famne alle som jobba i skuleverket i Noreg. Tanken var å nytte organisasjonen som ein reiskap til å forme lærarane og kontrollere kva dei igjen skulle lære vidare til elevane. Ein skulle på denne måten spreie NS sin ideologi og verdssyn. Sidan alle barn gjekk i skulen, ville dette bli ein sterk påverknadskanal. Dette ville nemleg gi nazistane innpass på alle skulesteg. Alle lærarane vart i 1942 pålagde medlemsplikt gjennom «lov» om Norges Lærersamband.

Lærarar blir sende til Kirkenes

Det kom til store protestar mot dette, og det skulle bli ein av dei store symbolkampane mot okkupantane – i ettertida kalla «haldningskampen». Lærarane protesterte mot medlemskapen. Berre 1200 av ca. 14 000 lærarar melde seg inn, trass i truslar om oppseiing og tilbakehalding av lønn. 11 000 lærarar sende dessutan individuelle protestbrev mot medlemskapen. Dette leidde til massearrestasjon av lærarar 23. mars 1942, og for å statuere eksempel og om mogleg truge lærarane til å slutte seg til lærarsambandet, vart ca. 650 av dei sende på tvangsarbeid til Kirkenes. Dessutan vart lærarane i sentrale posisjonar og verv sagde opp frå stillinga si.

Denne saka vart grundig omtalt i den tyskkontrollerte pressa. Også den frie norske pressa frå utlandet omtalte saka, men da på ein heilt annan måte.

Oppgåve 1

  1. Kvifor var det så viktig for styresmaktene å påverke kva lærarane sa og meinte?
  2. Kvifor trur du overlærarane vart oppsagde?

Oppgåve 2

  1. Kvifor fekk denne saka så brei omtale i pressa?
  2. Kvifor er desse to framstillingane av saka så ulike?
  3. Har du høyrt om andre land eller ideologiar som driv politisk påverknad via skulen? Kva for nokre?

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale