Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Kampen om skulenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

Kampen om skulen

Etter invasjonen i april 1940 stod elevar og lærarar utan undervisningslokal og skulestyresmaktene måtte tenkje nytt. Og tenkje nytt gjorde styresmaktene på meir enn éin måte.

NS-stevne i Trondheim. Unghirden i NS tar avskjed med Quisling på jernbanestasjonen
NS-stevne i Trondheim i 1942. Unghirden i NS tek avskjed med Quisling på jernbanestasjonen.

Oppgåve 1

Studer kjelda og svar på spørsmåla.

  1. Kva tankar gjer du deg etter å ha lese kunngjeringa?
  2. Korleis trur du det var å leve under eit regime der styresmaktene freista å kontrollere alle delar av det offentlege og private livet til befolkninga?
  3. Blir de på noko vis kontrollerte i skulen i dag? I så fall, på kva måte?

Oppgåve 2

Mot slutten av krigen kom det forsøk på å nazifisere skulen. Blant anna freista NS å innføre raselære i undervisninga. Men forsøket vart mislykka fordi dei fleste lærarane avviste alle nazifiseringsforsøk.

Kjelde oppgåve 2

Slekt og individ

  1. Søk på Internett for å finne ut kven Sigurd Saxlund var, og kvifor han hadde skrive denne boka som no skulle takast i bruk i skulen.
  2. Kvifor trur du nazi-styresmaktene meinte det var viktig å opplyse om raselære?
  3. Korleis trur du lærarane reagerte på dette?
  4. Kvifor trur du det kom forslag om raselære i skulen?

Oppgåve 3

Falstad skuleheim vart under krigen overteken av tyske okkupasjonsmakter.

  1. Kva vart Falstad brukt til under krigen?
  2. Bruk dei hjelpemidla du ønskjer, til å finne ut mest mogleg om staden. Du skal også finne bilete som syner kva han vart brukt til. Skriv deretter ein tekst på 400 ord om Falstad i perioden 1941–1945. Bruk bilete du har funne, som illustrasjonar.

Oppgåve 4

I avisutklippet frå 13. mai 1942 frå Norsk Tidend kan ein lese om korleis saka mot dei norske lærarane utvikla seg. Norsk Tidend vart utgjeve av den Kongelige Norske Regjerings informasjonskontor i London i perioden 1940–1945.

Kjelde oppgåve 4

Lag ein presentasjon for klassen der du gjer greie for utviklinga i denne saka.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale