Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Den norske skulen blir utfordraChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den norske skulen blir utfordra

Allereie i løpet av dei første dagane etter invasjonen i april 1940, vart dei fleste skulane tekne over som militærforlegningar. Elevar og lærarar stod utan undervisningslokale, og skulestyresmaktene måtte tenkje nytt. Og tenkje nytt gjorde skulestyresmaktene på meir enn éin måte.

Norske lærere ble arrestert for motstand mot nazifiseringen av den norske skolen. Her er 11 arresterte lærere på tvangsarbeid i Kirkenes våren 1942
Norske lærarar vart arresterte for motstand mot nazifiseringa av den norske skulen. Her er 11 arresterte lærarar på tvangsarbeid i Kirkenes våren 1942.

Medlemskap i NS Ungdomsfylking

I februar 1942 vart medlemskap i NS Ungdomsfylking gjort obligatorisk, og dette vart formidla fra Kyrkjedepartementet.
Det som vart vedteke, var at

[e]nhver norsk gutt eller gjente skal for sin nasjonale oppdragelses skyld og for å tjene sitt folk og fedreland tjenstgjøre i N.S. Ungdomsfylking. Plikten til ungdomtjeneste begynner 1ste januar det året 10-års alderen nåes, og opphører 31te desember det år 18-års alderen nåes. Kilde: Nasjonal Samlings Ungdomsfylking

Dette er vedtaket som vart motarbeidd av lærarane. I løpet av nokre veker hadde 85 % av dei sendt inn dette protestbrevet:

Jeg finner ikke å kunne medvirke til en oppdragelse av Norges ungdom etter de linjer som er satt opp av NS' ungdomstjeneste, da dette strider mot min samvittighet. Da et medlemskap etter landslederens uttalelser bl.a. pålegger meg forpliktelser til en slik oppdragelse, og det dessuten stilles andre krav som strider mot mine tilsettingsvilkår, finner jeg å måtte meddele at jeg ikke kan betrakte meg som medlem av lærersambandet. Kilde: Nasjonal Samlings Ungdomsfylking

Foreldre protesterer

Nærmare ein halv million foreldre sende inn dette protestbrevet:

«Jeg ønsker ikke at mitt barn skal delta i NSUF's ungdomstjeneste, da de retningslinjer som er trukket opp for dette arbeidet, strider mot min samvittighet.»

Sterke reaksjonar mot lærarane

Avisutklipp om lærertransport

Dette vart altså ikkje positivt motteke av NS, og det resulterte i at mange lærarar vart arresterte. Nokre av lærarane frå Trondheim varte avsette og sende til Falstad (tysk konsentrasjonsleir i Ekne ved Levanger). Andre vart sende nordover med skipet Skjerstad.

Sidan få med lærarutdanning ville søkje stillingane etter dei, måtte mange barn og unge nøye seg med stadige vikarar.

Nye fag i skulen

I august 1944 blir det i Adresseavisen fortalt om eit behov for å innføre eit nytt fag i skulen, nemleg raselære. Det var Kyrkje- og undervisningsdepartementet som stod bak dette. Det nye faget var retta mot sjuande klasse og skulle koplast saman med det eksisterande faget helselære. Boka dei skulle bruke, var Slekt og individ, ho skulle vere både kortfatta og populær.

Dette vart av mange sett på som eit forsøk på å nazifisere skulen. Faget vart aldri innført. Det kan skuldast motstand mot det mellom lærarane, og at skuleåret etter var Noreg igjen eit sjølvstendig land.

Kjelder

I Norsk Tidend, utgitt av den Kongelige Norske Regjerings informasjonskontor i London, vart den tøffe behandlinga av dei norske lærarane skildra slik:

E-bok: Slekt og individ

Sverre Kvassnes, Egil Rian, Sigurd Saxlund:

Centralforlaget, 1944

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale