Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Mindre rørslefridomChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

Mindre rørslefridom

Under andre verdskrigen sette dei tyske okkupantane omfattande grenser for rørslefridommen til nordmennene. Dei definerte grensesoner der det ikkje var lov å opphalde seg utan særskild grunn, til dømes at ein budde eller arbeidde der.

Norske flyktninger på vei over grensen til Sverige. Bildet viser to menn med ryggsekk.
Mange nordmenn flykta til Sverige under krigen. Derfor var det ulovleg å opphalde seg ved grensa utan grensebuarbevis.

Noreg – eit strategisk viktig område

Tyskland brukte store ressursar på å okkupere og besette Noreg. Dette fordi dei rekna denne delen av Europa som svært viktig ut frå strategiske omsyn. Den lange norske kysten eigna seg godt som utgangspunkt for å kontrollere den nordlege delen av Atlanterhavet med krigsskip og ubåtar, og tyskarane frykta også ein alliert invasjon i Noreg før det viste seg at dei allierte valde Normandie som landgangsområde i 1944.

Grensebuarbevis

Nærleiken til Sovjetunionen gjorde det også viktig for tyskarane å kontrollere Noreg. For å undertrykkje motstandsrørsla og hindre antitysk verksemd, vart alle nordmenn pålagde å gå med id-papir heile tida. Dei som budde nær grensa til Sverige eller Sovjet, fekk i tillegg eigne grensebuarbevis, og personar som ikkje budde i grensesonene, måtte søkje om reiseløyve og opphaldsløyve i desse områda. Det fekk dei berre om dei hadde god grunn til det. Dette sette store grenser for rørslefridommen til befolkninga, og vart enda ein vanske som ein måtte takle som eit resultat av okkupasjonen.

Oppgåve

Studer kjelda .

  1. Kven har skrive denne rapporten?
  2. Når vart han skriven?
  3. Kva fortel denne kjelda om høve til å reise innanlands under krigen?
  4. Grensesona var område nær grensa. Kvifor trur du at ein måtte ha spesialløyve for å opphalde seg der?

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale