Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Matmangel og arbeidshjelpChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Historiske kjelder

Matmangel og arbeidshjelp

Skolebarn plukker poteter på en bondegård.
Potetferie var eit vanleg omgrep heilt fram til 1970-talet i Noreg.

Behov for fleire hender

Under andre verdskrigen var matproduksjonen i Noreg ikkje spesielt høg. Vi mangla mange av dei moderne hjelpemidla som vi i dag tek som sjølvsagde, slik som traktor med ulike hjelpemiddel til pløying, såing og innhausting, og kunstgjødsel.

I tillegg til å fø befolkninga gjekk det mykje ressursar med til å dekkje behova til krigen og soldatane. Dermed vart det mindre igjen til folk flest. Mange tiltak vart sette i verk for å auke matproduksjonen, mellom anna vart skuleelevane rekna som ein del av arbeidsstyrken. Det vart oppmoda til eller pålagt å gi elevane fri frå skulen for å arbeide med til dømes såing og innhausting av grønsaker. Det er i denne perioden omgrepet potetferie oppstod.

Kjelder til oppgåvene 1 og 2

Kjeldene finn du her:

Elevar som arbeidshjelp

Filer

Oppgåve 1

Studer kjelda Rundskriv frå fylkesmannen i Nord-Trøndelag.

  1. Kva slags skriv er dette, og kven er det retta til?
  2. Når er det skrive?

Oppgåve 2

Studer kjelda Rundskriv frå fylkesmannen i Nord-Trøndelag og Adresseavisen 5.5.1941. Kjeldene fortel om at det i 1941 var mangel på mat og arbeidskraft.

  1. Kvifor var det mangel på mat og arbeidskraft?
  2. Kvifor fekk ikkje elevane karakter i skulefaga før etter enda arbeidsteneste?
  3. Kva kan du trekkje for slutningar om situasjonen for barn og unge under krigen ut frå dette materialet?

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale