Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Jødeforfølging i Noreg under andre verdskrigenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Jødeforfølging i Noreg under andre verdskrigen

Allereie i mai 1940 inndrog norsk politi radioapparata til jødane etter ordre frå tyskarane. Forfølginga av jødane starta i 1941. Alle måtte da ha en «J» stempla i passet.

Inngangsparti Falstad
Falstad fangeleir

Oppgåve 1

Den 24. februar 1942 vedtok Nazi-Tyskland den «endelege løysinga» på «jødeproblemet». Den tyske leiinga med Hitler i spissen bestemde da å gjere ende på alle jødar.

25. november same året vart jødane frå Trøndelag førte til Oslo. Da hadde dei allereie vore innom fangeleiren SS-Strafgefangenenlager Falstad. Derfrå gjekk ferda vidare til Auschwitz. Berre nokre få overlevde leiropphaldet.

Les fagartikkelen Den jødiske tragedien som du finn under relatert innhald nedst på sida. Søk på Internett etter Falstad fangeleir eller SS-Strafgefangenenlager Falstad.
  1. Kva vart staden brukt til i perioden 1941–1945?
  2. Beskriv med eigne ord korleis du trur det var å vere på Falstad.

Oppgåve 2

Søk på nett og finn tre kjelder som gir opplysningar om kor mange som vart drepne i konsentrasjonsleiren Buchenwald under krigen.

  1. Kva kjelder fann du?
  2. Kva tal finn du i dei ulike kjeldene?
  3. Kor mange norske jødar vart drepne i tyske konsentrasjonsleirar i perioden 1940–1945?

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale