Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Den jødiske tragedienChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den jødiske tragedien

Allereie i mai 1940 inndrog norsk politi radioapparata til jødane etter ordrar frå tyskarane. Forfølginga av jødane i Trøndelag starta i 1941. Alle måtte da ha ein «J» stempla i passet.

Den jødiske synagogen (det blå huset) fortografert i 1997.
Den jødiske synagoga i Trondheim husar i dag også det jødiske museet i byen.

Synagogen beslaglagd

Den 21. april 1941 beslagla tyskarane synagogen i Trondheim. Dei kasta dei heilage skriftene ut på gata og brukte lysekrona som skyteskive. Davidsstjernene i vindauga vart bytte ut med hakekrossar. Bedesjal og bønebøker vart slengde ut av vindauga, og alle benkane vart fjerna. Så sette dei inn køyesenger, galleriet vart brukt som barbersalong. Men trass i at alle skap vart brotne opp, greidde forstandaren å redde dei heilage torarullane og nokre bøker.

Etter å ha halde til i ulike lokale ein periode fekk den jødiske forsamlinga frå våren 1942 lov til å nytte lokale i metodistkyrkja. Metodistkyrkja hjelpe også til med å gøyme unna dei gjenstandane jødane hadde bringa dit, til krigen var over.

Arrestasjonane startar

Da det vart erklært unntakstilstand i oktober 1942, starta også arrestasjonen av jødane. Alle jødiske menn over 15 år vart henta av norsk politi og frakta til Falstad fangeleir. Kvinnene og barna vart flytta med tvang til eit par leilegheiter. Samstundes inndrog tyskarane all jødisk eigedom og formue.

Mennene leid forferdeleg på Falstad. Dei vart behandla mykje verre enn dei andre nordmennene fordi dei var jødar. Dagleg terror og tortur tok knekken på fleire av dei. Det kjendest særskilt hardt at dette skjedde i deira eige land, i deira eige nærområde.

Deportasjon

I slutten av november 1942 vart alle trønderske jødar transporterte sørover. Den endelege framkomststaden var Auschwitz i Polen. Av over 772 norske jødar som nazistane deporterte, overlevde berre 34 personar dei tyske konsentrasjonsleirane. Resten vart anten sende direkte i gasskammer, vart drepne på andre måtar eller døydde av sjukdom. Fire jødar frå Trondheim overlevde opphaldet og kom tilbake til byen etter krigen. I alt vart 130 personar i Det Mosaiske Trossamfunn i Trondheim drepne i Auschwitz. I 1945 var det berre 123 medlemmar som var tilslutta forsamlinga i Trondheim. Før krigen hadde dei vore ca. 260 personar.

Tida etter 1945

Dei som kom tilbake, hadde mista alt, og det var berre den faste eigedomen sin dei fekk tilbake. Lausøyre og formue var det verre med. Alt gull og sølv var sendt til Tyskland. Verdien av dette skulle dekkje kostnadene nazistane hadde med å sende jødane til Auschwitz. Quisling-regjeringa hadde beslaglagt all annan formue eigd av jødar. Mange jødar stod derfor med tomme hender når dei kom tilbake etter krigen, anten frå Sverige eller Tyskland/Polen.

Den jødiske forsamlinga i Trondheim vart reorganisert i juli 1945. Ein sette straks i gang med å setje i stand synagogen og få forsamlinga på beina igjen. I 1947 vart det reist eit minnesmerke over dei som omkom i Auschwitz, på den jødiske gravlunden på Lademoen. I dag tel forsamlinga litt over hundre personar. Ei av årsakene til at det ikkje er fleire, er at mange av dei som vart drepne i Auschwitz, normalt ville ha fått barn på førti- og femtitalet.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale