Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Skulekvardag under okkupasjonenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Historiske kjelder

Skulekvardag under okkupasjonen

Tyskarane beslagla ei rekkje skulebygg i Trondheim og Strinda for å bruke dei som militærforlegningar allereie frå 9. april. Nokre vart beslaglagde under heile krigen, nokre for kortare periodar. Kva konsekvensar fekk dette for barn og ungdom i Trondheim?

En tysk soldat slår opp kunngjøringen Falkenhorsts proklamasjon, i Trondheim 9. april 1940.

Oppgåve 1

Les fagartikkelen Skulegang under krigen som du finn under Relatert innhald nedst på sida, og studer avisartikkelen om skulesituasjonen i byen.

  1. Korleis påverka okkupasjonen skulekvardagen for trondheimselevane?
  2. Kva tiltak vart sette i verk, og korleis trur du elevane opplevde det?
  3. Trur du lange feriar vart opplevd som positivt?
  4. Kvifor fekk elevane i trondheimsskulane ekstra lang juleferie i 1944?
  5. Kva andre konsekvensar trur du denne situasjonen fekk for folk i Noreg vinteren 1944?

Oppgåve 2

Ta utgangspunkt i artiklane fra Adresseavisen 11. februar 1941.

Filer

  1. Kven var redaktør for Adresseavisen 11. februar 1941?
  2. Når vart redaktøren tilsett i stillinga?
  3. Kva seier det om avisa sine haldningar under krigen?
  4. Kjem det til uttrykk i artikkelen?

Oppgåve 3

Skriv eit innlegg i eit sosialt medium. Vel anten oppgåve a, b eller c:

  1. Skriv eit Facebook-innlegg på bakgrunn av det som skjedde på Berg skole. Tenk deg at du opplevde hendinga og skulle fortelje om henne.
  2. Lag ein tweet som seier noko om det som skjedde.
  3. Skriv eit blogginnlegg som fortel om opplevinga di av og refleksjon over episoden.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale