Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Skulegang under krigenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Skulegang under krigen

Tyskarane beslagla ei rekkje skulebygg i Trondheim og Strinda for å bruke dei som militærforlegningar allereie frå 9. april. Dette førte til sporadisk og mangelfull skulegang så lenge krigen varte.

Avisutklipp om gymnasieundervisningen i Trondheim i 1940
Avisutklipp om gymnasundervisning Trondheim

Stengde skular

Tyskarane beslagla ei rekkje skulebygg i Trondheim og Strinda for å bruke dei som militærforlegningar allereie frå 9. april. Det gjaldt både barneskular og realskuler og gymnas i Trondheim sentrum. Nokre skular var beslaglagde under heile krigen, nokre for kortare periodar. Nokre vart frigjevne for seinare å bli rekvirerte på nytt. Dette førte til sporadisk og mangelfull skulegang så lenge krigen varte.

Da skolen begynte igjen etter sommaren 1940, var enno ikkje skulane frigjevne. Det vart leid tretti ulike lokale i byen slik at elevar i den sjuårige grunnskulen kunne få undervisninga si.
Dei skulebygga som fekk vere i fred, måtte utnyttast maksimalt, både ved at timetalet vart skore ned på, og ved at mange fekk undervisning om ettermiddagen. Men også andre lokale vart brukte rundt i byen. I Strinda vart det til dels undervist i private heimar.

Bymarka

Avisutklipp provisorisk undervisning Trondheim
Avisutklipp om provisorisk undervisning i Trondheim.

Dei fleste elevane vart sende ut av sentrum til såkalla evakueringsskular. Våren 1940 fans det fleire slike skular mellom anna i Bymarka, der det vart undervist til saman 400 elevar. 140 av dei hadde undervisningslokala sine i Lian-restauranten, i enden av Gråkallbanen.

Fellesskap

I dei provisoriske lokala var det både idérikdom, pågangsmot og lærelyst. Dei vanskelege forholda førte til sterkare nærleik og fellesskap mellom elevar og lærarar. Elevane som gjekk på realskulen (2–3 år etter grunnskulen) og gymnaset (3 år etter realskulen), måtte også flytte inn i provisoriske undervisningslokale våren 1940.

Lange skuleferiar på grunn av vedmangel

Vedhogging på Karl Johan vinteren 1944
I dei store byane i Noreg var det mangel på brensel. Dette bildet viser vedhogging midt på Karl Johans gate i Oslo vinteren 1944.

Juleferien 1940 vart utvida til å gjelde fram til 20. januar det første krigsåret. Årsaka var den vanskelege brenselssituasjonen. Det ville ikkje vere mogleg å varme opp undervisningsromma nok når vinteren var på det kaldaste. Barna måtte gjerne ha med seg ein vedkubbe heimanfrå i skulesekken kvar dag. Brenselsferie vart snart innført i dei kaldaste månadene (og vintrane var svært kalde i førtiåra!), da mangelen på brensel var stor.

Russefeiring og 17. mai-feiring forbode

17. mai og russefeiring var forbode, men alt var ikkje berre uhyggje i skuleåra likevel. Gymnassamfunna heldt svært godt besøkte møte fram til hausten 1944. Føredraga måtte vere politisk nøytrale, og dei fleste av dei vart haldne av lektorar frå realskulane og gymnasa i byen. Etterpå var det debatt som både elevar og lærarar deltok i. På grunn av danseforbodet var den faste programposten «kunstnerisk» dominert av klassisk musikk – framført av elever eller av profesjonelle krefter – og opplesing ved skodespelarar frå Trøndelag teater. Russefestar kunne bli arrangerte privat eller på meir eller mindre illegale samkommer på lagshytter i Bymarka eller på Flakk. Russerevyar fekk dei også til.

Blendingsbestemmingar

Under krigen var det strenge restriksjonar på blending av vindauge. Det var viktig å ikkje sleppe ut lys. Gatelys var heller ikkje tillate på grunn av frykt for flyåtak. Foreldra var derfor uroa for dei minste elevane når haustmørkret kom. Dei ønskte ikkje at dei små skulle ta seg fram i ein mørklagd by morgon og kveld. Skulestyret forsøkte å løyse problemet ved å korte ned på skuledagen.

Skuleelevar skadde av granatsplintar

I februar 1941 vart eit engelsk fly skote ned over Trondheim, og granatsplintar frå flyet råka åtte elevar i skulegarden på Berg skule. Elevane var i ferd med å gå inn i tilfluktsrommet da ulykka skjedde. Ein elev døydde seinare av skadane. Ei av årsakene til ulykka var at elevane ikkje kom seg fort nok i tilfluktsrommet da alarmen gjekk. Det vart retta stor merksemd mot tryggleiken til barna etter ulykka, og skulane gjennomførte flyalarmøvingar.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale