Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Julius Paltiel – å forske på ein personChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Historiske kjelder

Julius Paltiel – å forske på ein person

Den jødiske unggutten Julius Paltiel var berre 18 år da han vart henta av norsk politi i oktober 1942. Ferda gjekk til Falstad fangeleir, derfrå gjekk transporten til konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen. Som ein av få norske jødar overlevde han Nazi-Tysklands forsøk på å utrydde jødane.

Julius Paltiels fangekort fra Falstad
Julius Paltiels fangekort frå Falstad (henta fra Kildenett.no).

Fangenummer 105 362

Portertt av Julius Paltiel

I oktober 1942 vart 18-årige Paltiel arrestert av norsk politi og send til leiren Falstad. 24. februar 1943 blir han deportert med skipet D/S Gotenland. Via Stettin og Berlin vart han så send til Auschwitz, der han får fangenummer 105 362. Han kom der i kontakt med norske jødar som hadde vorte deporterte 26. november året før. Av dei opphavleg 530 jødane var berre ti mann framleis i live.

I leiren vart Julius Paltiel mellom anna brukt som prøvekanin av den berykta SS-legen Josef Mengele, som mellom anna injiserte 96 prosent sprit i knea til Paltiel. Mot alle odds overlevde han to år i leiren.

Ein av dei få som overlevde

Da dei russiske troppane rykte inn i Polen januar 1945, vart Auschwitz tvangsevakuert av SS. 66 000 jødiske fangar vart sende ut på dødsmarsj. Dei norske jødane som var med på denne marsjen, var – forutan Julius Paltiel – Herman Sachnowitz, Samuel Steinmann, Leo Eitinger, Assor Hirsch og Pelle Hirsch. Marsjen gjekk gjennom Tsjekkia, innover i Tyskland og enda opp i Buchenwald.

I mars kom dei kvite bussane til Buchenwald for å hente skandinaviske fangar heim. Julius Paltiel og dei fire andre norske jødane fekk ikkje vere med. Dei vart først frigjevne av amerikanarane 11. april, etter å ha lurt døden på nytt ved å stele kleda med nummer på frå døde, ikkje-jødiske fangar. Julius Paltiel levde fram til 7. mars 2008 i Trondheim.

Les forteljinga

Utdrag frå Julius Paltiels historie, skriven av Vera Komissar.

Oppgåve 1

Etter frigjøringen fra konsentrasjonsleiren Buchenwald, 1945. Fra venstre Pelle Hirsch, Julius Paltiel og Assor Hirsch.
Etter frigjeringa frå konsentrasjonsleiren Buchenwald, 1945. Frå venstre Pelle Hirsch, Julius Paltiel og Assor Hirsch.

Lytt til intervjuet med Julius Paltiel med tittel Fra menneske til fange. I dette intervjuet skildrar han korleis han opplevde arrestasjonen av jødane i oktober 1942. Han fortel om transporten til Tyskland og Polen, og livet som fange i Auschwitz og Buchenwald. Intervjuet, som varer i over 30 minutt, er gjort av Hans Nissen.

  1. Les fagartikkelen Kva er ei historisk kjelde? . Forklar omgrepa primærkjelde, sekundærkjelde, leivning og beretning.
  2. Er intervjuet med Julius Paltiel ei primærkjelde eller ei sekundærkjelde?
  3. Er intervjuet ei leivning eller ei beretning?
  4. Drøft korleis dette påverkar måten vi kan bruke eit slikt intervju på som historisk kjelde.
  5. Kva er unntakstilstanden i 1942?
  6. Kva seier han om rolla til norsk politi under arrestasjonen av jødane?
  7. Julius seier at den verste behandlinga fekk han på SS-Strafgefangenenlager Falstad.
  8. Kvifor trur du denne opplevinga vart så sterk for han?
  9. Kva skjedde med familien til Julius under krigen?
  10. Skriv eit kort blogginnlegg om korleis Julius opplevde tida på Falstad, og dei erfaringane han gjorde seg der, som han tok med seg vidare i fangenskap.

Oppgåve 2

Skolebilde fra 1930-åra. En gutt gjør nazi-hilsen.
Skulebilete frå Ila skule i 1930-åra. Klikk på biletet og bruk lupa for å sjå det i større format.

Sjå på skulebiletet frå 1930-talet. Julius gjekk på Ila skole.

Bruk det du ser på biletet, til å skrive ei oppgåve om den tidlege framveksten av nazismen i Noreg på 1930-talet.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale