Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Hjelp frå SverigeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Hjelp frå Sverige

I denne oppgåva skal du lære om korleis det var å leve for folk flest i det tyskokkuperte Noreg 1940 til 1945. Du skal studere og tolke ei rekkje fotografi som vil vise deg korleis kvardagslivet under andre verdskrigen i Noreg var for dei fleste.

Banner med teksten Norges barn takker Sverige
Bilete 2: Norwegian Official Photo Np. S 5378. Norges barn takker Sverige. «I forbindelse med den norske uken i Stockholm i tiden 9-15. oktober 1944 holdtes en utstilling ‘Norges barn takker Sverige’ i Stockholms-Tidningens lokaler ved Stureplan. Den ble åpnet 11. oktober. Bildet viser inngangen til utstillingslokalet, med utstillingens motto.»

Oppgåve 1 – Hjelp frå Sverige

Studer bilete 1 og bilete 2 (øvst på sida), og les bilettekstane. Desse tekstane står skrivne bakpå bileta.

Kjelde

Plakat for Norgeshjelpen
Bilete 1: Norwegian Official Photo S 6025. «Våren 1944 satte Stocholmskomiteen for Norgeshjälpen i gang en aksjon som kaltes ‘Stockholms hjälp åt Oslos barn’. Her ser vi plakaten som sattes opp overalt og prydet brosjyrene.»
  1. Når vart bileta tekne?
  2. Kva er det bilete av?
  3. Kvifor vart det teke bilete av plakatar, trur du?
  4. Er plakatane presenterande eller berettande bilete?

Oppgåve 2 – Svenskesuppe

Sjå på bileta nr. 3 og 4, og les bilettekstane. Dette er tekstar som opphavleg er skrivne bakpå bileta.

Kjelder

norske barn henter suppe
Bilete 3: Norwegian Official Photo nr. S 6049. Svenska Norgeshjälpens virksomhet. «Svenska Norgeshjälpens virksomhet i Norge har det siste år nådd en imponerende omfatning. Antallet barnebespisninger er oppe i 155.000 porsjoner daglig fordelt på 987 steder. En viss kategori ungdommer får også tildelt matporsjoner. I alt bespises daglig 240.000 personer. Flere hundre tonn klær og sko er fordelt blant de mest trengende. Barn fra Nordstrands folkeskole ved Oslo har hentet havresuppe i store spann og er på vei til skolen.»
Norske barn spiser suppe
Bilete 4: S. 6057 23/2-45 Svenske Norgeshjelpens virksomhet «melk og havresuppe smaker godt» Norge u. 2vk Krigsark. Skap 2
  1. Når vart bileta tekne?
  2. Kva er det bilete av?
  3. Kvifor trur du fotografen tok desse bileta, kva var føremålet?
  4. Er desse bileta presenterande eller berettande?

Oppgåve 3 – Refleksjon

Sjå no på alle bileta under eitt.

  1. Kva fortel desse bileta deg om det å vere barn i Noreg under krigen?
  2. Er desse fotografia gode historiske kjelder? Kan vi bruke dei som kjelder til spørsmålet om korleis barn hadde det under den tyske okkupasjonen, eller eignar dei seg best som illustrasjonar? Grunngi svaret.
  3. Kan du tenkje deg andre kjelder som du også kunne bruke?

Oppgåve 4 – Skriv ein tekst

Studer bileta på denne sida og dei relaterte fagtekstane og oppgåvene.

Skriv ein artikkel eller eit essay om korleis du trur det var å leve i det tyskokkuperte Noreg i tida 1940 til 1945. Korleis trur du at du og familien din ville klart seg i ein liknande situasjon?

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale