Hopp til innhald

  1. Home
  2. Historie Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Samfunn og menneske i tidChevronRight
  4. Krig og konfliktarChevronRight
  5. Krigen i NoregChevronRight
  6. Rasjonering av mat og kledeChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Historiske kjelder

Rasjonering av mat og klede

I denne oppgåva skal du lære om korleis det var å leve for folk flest i det tyskokkuperte Noreg frå 1940 til 1945. Du skal studere og tolke ei rekkje fotografi som vil vise deg korleis kvardagslivet var for dei fleste under andre verdskrigen i Noreg.

Stol med teksten - køstolen - du trenger den

Mangel på det meste

Da tyskarane okkuperte Noreg 9. april 1940, byrja ein ny kvardag for folk flest i Noreg. I kjølvatnet av krigen kom mangel på mat, klede og medisinar. Spesielt merkbar vart denne mangelen i byane, der ein var avhengig av å få kjøpt det ein trong i kvardagen.

Dei som budde utanfor byane, kunne dyrke grønsaker, frukt og bær. Kjøttbehovet vart dekt ved husdyrhald som ku, sau, gris, høns og kaninar, alt etter kor god plass ein hadde. Men i byane var det ikkje like lett å dyrke grønsaker og halde husdyr. Det var rett og slett ikkje plass til det, sjølv om nokre freista å dyrke grønsaker på taket eller halde kaninar på balkongen.

Rasjoneringskort

For å sikre ei mest mogleg rettferdig fordeling av produkt som mat og klede vart det delt ut rasjoneringskort. For kvar gong ein kjøpte ei vare, vart eit av merka på rasjoneringskortet klipt vekk. Dette betydde at ein fekk kjøpt eit produkt berre så lenge ein hadde eit gyldig rasjoneringskort på akkurat den vara.

Rasjoneringskort vart delte ut til alle familiar med jamne mellomrom. Men sjølv om ein hadde rasjoneringskort, så var det ikkje alltid mogleg å få brukt dei. Butikkane var rett og slett tomme.

Oppgåve 1 – Lite mat

Studer biletet, les teksten som høyrer til, og svar på spørsmåla.

Kjelde oppgåve 1

tomme butikkvinduer
Norwegian official photo S-1075. Oslo oktober 1942. «Kjøttforretning i Grensen. Et fat med småsild og en plakat med utdelingsdag for de forskjellige kundenumrene er alt de har å stille ut. De øvrige vinduene er tomme.»
  1. Beskriv kort det du ser på biletet.
  2. Kva slags varer kunne ein kjøpe i denne butikken?
  3. Kunne kven som helst stikke innom og kjøpe det dei ønskte? Kvifor? / Kvifor ikkje?

Oppgåve 2 – Alternative varer

Studer biletet og les teksten som høyrer til.

Kjelde oppgåve 2

butikkvindu med sko av fiskeskinn
Varemangelen i Noreg. «Rasjoneringen i Norge er for en rekke varers vedkommende nærmest illusorisk. Selv om kortene gir en viss innkjøpsrett, mangler varen. Karakteristisk er en annonse i høst som kunngjorde at ‘nye skokort kan hentes, hvorpå fåes et kilo syltesukker’. I parentes bemerket var sukkeret et tilskudd som var ordnet fra Sverige via Danmark. De matvarer som overhode utdeles, kan telles på fingrene. Firmaer tilhørende andre brancher står der med så godt som tomme utstillingsvinduer, hvor de da ikke ...»
  1. Kva sel dei i denne butikken?
  2. Kva er det som gjer varene her annleis enn dei ein ville finne i ein tilsvarande butikk i dag?
  3. Kvifor kunne dei ikkje bruke det same materialet på skorne som vi gjer i dag?

Oppgåve 3 – Rasjonering

Studer biletet og les teksten som høyrer til.

Kjelde oppgåve 3

innpakket fisk
S.2708: «En månedsrasjon frossen torsk for 4 personer – det er hva en ser på dette bilde, som bedre enn mange ord beskriver matsituasjonen i fiskelandet Norge. Torsken er kjøpt av en husmor i Oslo i den forretningen hvor hun er kunde. I henhold til rasjoneringsbestemmelsene fikk hun dette stykket frossen torsk til sin familie, som består av 4 personer. Samtidig ble hun meddelt at dette var alt hun kunne pårekne å få av varen iløpet av hele måneden. London, 30.3.44»
  1. Kor mange var det i familien som fekk denne fisken på deling?
  2. Kor lenge var det til neste gong familien kunne få fisk til middag igjen?
  3. Kvifor var det så lite fisk å få, trur du? Grunngi svaret.

Oppgåve 4 – Refleksjon

Sjå no på alle tre bileta under eitt og svar på spørsmåla nedanfor:

  1. Når og kor er bileta tekne?
  2. Kven tok bileta, og kvifor? Kva var føremålet?
  3. Kva fortel desse bileta deg om kvardagslivet under krigen?
  4. Er desse tre bileta gode historiske kjelder til å fortelje om matmangelen under krigen, synest du? Grunngi svaret.

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale